Hopp til innhald

Akershus fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Akershus)
«Akershus» omdirigerer hit. For festningsanlegget i Oslo, sjå Akershus festning.
Akershus fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land  Noreg
Adm.senter Oslo
Areal 5 894 km²
   land 5 463 km²
   vatn 431 km²
Folketal 740 680  (1. januar 2025)
Folketettleik 136 / km²
Målform nøytral
Statsforvaltar Valgerd S. Haugland
Fylkesordførar Thomas Sjøvold (H)
Fylkesnummer 32
Kart
Akershus fylke
60°N 11°E / 60°N 11°E / 60; 11
Wikimedia Commons: Akershus
Nettstad: afk.no

Akershus fylke er eit fylke i Noreg. Det grensar til Innlandet i nord-vest, Buskerud i vest, Oslo i sør-vest og Østfold i sør-aust. I aust grensar fylket til Värmlands län i Sverige. I perioden frå 2020 til 2023 var Akershus ein del av Viken fylke. Akershus blei eit eige fylke igjen den 1. januar 2024.

Akershus var samansett av to fråskilde delar som var skilde frå kvarandre av fylket Oslo og av Indre Oslofjord. Mellom dei to fylka Oslo og Buskerud danna dei to kommunane Asker og Bærum til saman ein eksklave i vest, «Vestregionen», som vanlegvis blir omtala med fellesnemninga Asker og Bærum. Aust og sør for Oslo ligg regionane Romerike og Follo.

Akershus og Oslo

[endre | endre wikiteksten]

Akershus som fylke er nært knytt til Oslo. Administrasjonen til Akershus ligg i Oslo. Fylkeskommunen held til i «Galleriet», same bygg som hovudbusstasjonen i Oslo. Gamle Aker herad var ein del av Akershus fylke og omfatta fram til 1. januar 1948 store delar av det noverande Oslo. Aker herad omfatta sokna Ullern, Vestre Aker, Østre Aker og Nordstrand. Vestre Aker strekte seg heilt inn i sentrum av byen, til Studenterlunden. Etter kvart kunne store delar av Akershus reknast inn i eit Stor-Oslo.

Akershus len blei oppretta på 1500-talet og femna attåt det som er Akershus i dag også det som i dag er Hedmark, Oppland, Buskerud og Oslo. I 1662 blei Akershus amt oppretta, og i 1685 blei Buskeruds amt skilt ut som eige amt. I 1768 blei Hedmark og Oppland skilt ut til Oplandenes amt, og daverande Christiania blei skilt ut frå Akershus i 1842. 1. januar 1919 fall nemninga amt bort og blei erstatta med nemninga fylke.

Namn og symbol

[endre | endre wikiteksten]

Namnet på Akershus fylke kjem opphavleg frå Akershus festning. Ordet «Akershus» er samansett av det norrøne ordet akr som tyder åker, og hús i tydinga borg eller kastell.

Våpenet til Akershus fylke synar ein trappegavl i sølv på blå bakgrunn, der trappegavlen er basert på konturen av Akershus festning. Det er teikna av Finn Fagerli og blei fastsett under kongeleg resolusjon 11. desember 1987.[1]

Folketala i oversynet under er frå SSB per 1. januar 2025.

Nr. Kart Namn Adm.senter Folketal Flatemål
km²
Målform Distrikt
3201 Bærum kommune  Bærum Sandvika 132 358 192,32 bokmål Vestområdet i Akershus
3203 Asker kommune Asker Asker 100 492 376,62 bokmål Vestområdet i Akershus
3205 Lillestrøm kommune Lillestrøm Lillestrøm 95 762 456,61 bokmål Nedre Romerike
3207 Nordre Follo kommune Nordre Follo Ski 64 668 203,00 bokmål Follo
3209 Ullensaker kommune  Ullensaker Jessheim 45 066 252,46 bokmål Øvre Romerike
3212 Nesodden kommune  Nesodden Nesoddtangen 20 698 61,48 bokmål Follo
3214 Frogn kommune  Frogn Drøbak 16 337 85,66 bokmål Follo
3216 Vestby kommune  Vestby Vestby 19 855 133,93 bokmål Follo
3218 Ås kommune Ås Ås 22 344 103,12 nøytral Follo
3220 Enebakk kommune  Enebakk Kirkebygda 11 549 232,58 bokmål Follo
3222 Lørenskog kommune  Lørenskog Solheim 50 013 70,53 nøytral Nedre Romerike
3224 Rælingen kommune  Rælingen Fjerdingby 20 509 71,68 nøytral Nedre Romerike
3226 Aurskog-Høland kommune  Aurskog-Høland Bjørkelangen 18 314 1 144,80 bokmål Nedre Romerike
3228 Nes kommune Nes Årnes 24 897 637,36 bokmål Øvre Romerike
3230 Gjerdrum kommune  Gjerdrum Ask 7 453 83,19 bokmål Øvre Romerike
3232 Nittedal kommune  Nittedal Rotnes 26 023 186,22 bokmål Nedre Romerike
3234 Lunner kommune  Lunner Roa 9 420 291,89 bokmål Hadeland
3236 Jevnaker kommune  Jevnaker Jevnaker 7 043 225,74 bokmål Hadeland
3238 Nannestad kommune  Nannestad Teigebyen 16 505 340,98 bokmål Øvre Romerike
3240 Eidsvoll kommune  Eidsvoll Eidsvoll 28 352 456,61 bokmål Øvre Romerike
3242 Hurdal kommune  Hurdal Torget 3 022 284,95 bokmål Øvre Romerike
Totalt Akershus  Akershus Oslo 740 680 5 891,73 nøytral Østlandet

Tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Det er fire byar i fylket, Drøbak, Lillestrøm, Ski og Sandvika. Både Lillestrøm og Sandvika høyrer med til tettstaden Oslo.

Akershus har eit kontinentalklima, men Mjøsa og Oslofjorden dempar og forseinkar vinterkulda i nærliggande område. Middeltemperaturen for januar varierer frå kring -4 °C nær Oslofjorden til kring -8 °C dei skjerma nordlege områda. Juli er den varmaste månaden med ein middeltemperatur på 15–17 °C, høgast i låglandet kring Oslofjorden, som er den høgaste middeltemperaturen i heile landet.

Dei lågtliggande områda får under 700 mm nedbør i året, medan dei høgaste åsane kan få opp mot 1200 mm. Mars er den tørraste månaden med 30–40 mm, medan august gjerne er den våtaste månaden med over 100 mm fleire stader.

Mjøsa, Vorma og Oslofjorden er av dei mange fuktkjeldene i fylket som gjer at det blir relativt mykje tåke. Mest tåke er det om hausten og tidleg på vinteren og årsmiddelet i låglandet er 3–6 %.

Referansar

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Akershus fylke