Christian Schenk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christian Schenk
Bundesarchiv Bild 183-1989-0528-012, Ulf Timmermann, Christian Schenk im Gespräch.jpg
Til venstre Christian Schenk, i samtale med Ulf Timmermann
Fødd 9. februar 1965
Rostock
Christian Schenk på Commons

Christian Schenk (fødd 9. februar 1965) er ein tysk tidlegare mangekjempar frå Rostock som vart olympisk meister i tikamp under Sommar-OL 1988 i Seoul og i tillegg vann bronsemedaljen i øvinga både i EM 1990 og VM 1991. Schenks bestenotering på 8 500 poeng oppnådde han under verdsmeisterskapen 1993 i Stuttgart. Han representerte Aust-Tyskland til 1990, sidan 1991 det samla Tyskland.

Far til Christian Schenk var austtysk meister i hekkeløp på 1950-talet. Christian Schenk tok sjølv til med friidrett og frå 1982 spesialiserte han seg i tikamp. I 1984-sesongen kleiv han med 8 043 peng for fyrste gong over 8 000-poenggrensa. Etter å ha vorte femtemann i VM 1987, 75 poeng bak bronsevinnaren, vann han i 1988 den olympiske gullmedaljen med 99 fleire poeng enn lagkameraten Torsten Voss. Særleg imponerte Schenk i høgdehopp der han gjekk over 2,27 meter, det høgste høgdehoppet nokon gong i ei tikamptevling, eit hopp han gjorde i dykkstil, medan alle konkurrentane nytta den nyare flopp-stilen.

Storvaksne Schenk heldt seg i verdstoppen også dei neste fem åra. Både i EM 1990 og VM 1991 hamna han på bronseplassen, i EM fattige tre poeng bak sølvmedaljøren. Han deltok ikkje i Sommar-OL 1992, grunna skade i uttakstevlinga. I verdsmeisterskapen 1993 forbetra Schenk sitt personbeste i tikamp med 12 poeng til 8 500 poeng, måtte likevel nøye seg med fjerdeplassen. Same sesongen vart han tysk meister i tikamp, hans fyrste nasjonale meistertittel ettersom han aldri vart betre enn nummer to i ein austtysk meisterskap. Schenk la opp i 1994.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1987 i Roma: Nr 5 – 8 304 poeng
  • OL 1988 i Seoul: Gullmedalje – 8 488 poeng, framom Torsten Voss (8 399)
  • EM 1990 i Split: Bronsemedalje – 8 433 poeng, bakom Dezső Szabó (8 436)
  • VM 1991 i Tokyo: Bronsemedalje – 8 394 poeng, framom Robert Změlík (8 379)
  • VM 1993 i Stuttgart: Nr 4 – 8 500 poeng, bak Paul Meier (8 548)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]