Christian Vidsteen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Vidsteen
Fødd 11. januar 1832
Død

1915 (83 år)

Yrke lege, filolog

Christian Vidsteen (11. januar 18321915) (fullt namn Christian Bang Vidsteen, somme tider skrive Widsteen) var ein norsk distriktslege og språkgranskar. Arbeidet hans med dialektane i Hordaland er ei kjelde til kunnskap både om språket og kulturen mot slutten av 1800-talet.

Vidsteen vart fødd på Hamarhaug i Ølve, der det i den tida var futegard. Faren, Ole Vidsteen, var fut i Sunnhordland og Hardanger. Etter at Christian Vidsteen var ferdig utdanna lege, var han eitt års tid utanlands, for det meste i Paris og Wien, før han vart distriktslege i Førde i Sunnfjord. I 1864 vart han distrikslege i Ytre Sunnhordland, med bustad på Stord. I 1882 slutta han i embetet og vigde seg etter det til språkstudiet. Same året gav han ut «Oplysninger om Bygdemaalene i Søndhordland». I 1884 kom «Opplysninger om Vossemaalet», og i 1885 «Opplysninger om Bygdemaalene i Hardanger» - om Hardingdialekta. «Ordbog over Bygdemaalene i Søndhordland» var truleg så å seia ferdig ved same tida, men vart ikkje trykt før i år 1900. I 1907 gav han ut ei dansk-norsk ordbok som skulle syna norske avløysarord for dei danske. Den boka som likevel har fått mest å seia og som må reknast som hovudverket hans er ordboka over Sunnhordlandsmålet som kom i år 1900.

Christian Vidsteen døydde i 1915. Han gav Vidsteenparken til Leirvik Brand- og bygningskommune. I dag har Stord kommune hand om eigedommen, der Sunnhordland Folkemuseum held til.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Vidsteen 1900, Christian Vidsteen: Ordbog over Bygdemaalene i Søndhordland. Nyutgåve ved Sunnhordland Folkemuseum og Sogelag, 1983. Føreord om forfattaren ved Reinert Leirvik.