Christin Hussong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christin Hussong


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 17. mars 1994 (30 år)
Zweibrücken
Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 2010 Summer Youth Olympics – girls' javelin throw, Friidrett under Sommar-OL 2016 – Spydkast kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Spydkast kvinner

Christin Hussong (fødd 17. mars 1994) er ein tysk spjutkastar frå Zweibrücken. Ho vart i 2018 europameister i spjutkasting.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Hussong vart tysk meister i 2016 og 2018. Under EM-finalen i 2018 i Berlin sette ho både meisterskapsrekord og personleg rekord på 67,90 meter. Ho vann med ein margin på over seks meter til sølvmedaljøren. Året etter kom ho på fjerdeplass i verdsmeisterskapen i Doha. I 2019 og 2020 heldt Hussong fram sigersrekka i tysklandsmeisterskapane. Den 30. mai 2021 kasta ho 69,19 meter i polske Chorzow. Under sommarleikane 2021 i Tokyo enda ho på niandeplassen med 59,94 m.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Christin Hussong