Christoffer Valkendorf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christoffer Valkendorf
Christopher Valkendorf til Glorup.jpg
Fødd 1. september 1525
Glorup gods
Død

17. januar 1601
København

Verv Lensherre på Bergenhus
Periode 1556-1560
Føregjengar Christoffer Huitfeldt
Etterfylgjar Erik Rosenkrantz

Christoffer Valkendorf (fødd 1. september 1525 på Glorup gods på Fyn, død 17. januar 1601 i København) var ein dansk adelsmann. Han var lensherre på Bergenhus frå 1556 til 1560. Valkendorf bygde eit byhus i Bergen, som han seinare gav i gåve til byen. Dette huset vart seinare byen sitt rådhus, og er no kjent som Gamle rådhus. Det inneheld i dag Bergen sin bystyresal, der det heng eit portrettmåleri av Valkendorf. Ei stund trudde ein òg, feilaktig, at det var Valkendorf som hadde bygd Rosenkrantztårnet, og det har difor òg vore kalla «Valkendorftårnet».

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.