Christopher Christian Weidemann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christopher Christian Weidemann
Fødd 14. april 1779
Død

27. august 1858

Christopher Christian Weidemann (14. april 177927. august 1858) var ein norsk politikar og embetsmann.

Christopher Weidemann var fødd på Mellom-Rustad på Toten som son av Lars Weidemann, og ein av brørne hans var Laurits Weidemann. Han var gift med Marie Magdalene Christiane Jacobine Lycke, fødd i Christianshavn i Danmark 3. august 1784 og død på Billerud 8. mars 1867.

Weidemann vart student i 1795, tok latinsk-juridisk eksamen, teoretisk prøve i 1800 og praktisk i 1802. I 1800 vart han kopist i Rentekammeret og etter kvart fullmektig same stad. Han vart seinare utnemnt til byfogd og politimeister i Christiania, men måtte søkja avskjed i 1814, etter å ha truga ein arrestant til å tilstå ved å slå han med eit tre.

Nokon ytterlegare klatring oppover karrierestigen i rettsvesenet vart no vanskeleg, men i 1817 vart Weidemann utnemnd til sorenskrivar i Toten, Vardal og Biri etter broren Lauritz Weidemann. Dette embetet hadde han til 1853; med andre ord ei 36 år lang karriere som sorenskrivar på Toten.

Han var stortingsrepresentant 1824-26. Weidemann var òg president i Odelstinget.

Weidemann må òg nemnast i samband med garden BillerudAustre Toten, der han budde i 40 år. Det var Weidemann som gav hovedbygningen på Billerud det noverande utsjånaden dens ved å byggje på andreetasjen. Han fekk òg Peder Balke til å måle salen i 1833/34. På Billerud døydde Christopher Christian Weidemann i 1858.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Midthaug, Leif: «Christopher Christian Weidemann». Biografi i Totens bygdebok II, s. 354-355, Oslo 1953.
  • NSDs politikerarkiv