Christopher Kosgei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christopher Kosgei
Statsborgarskap Kenya
Fødd 14. august 1974 (49 år)
Idrett friidrett

Christopher Kosgei (fødd 14. august 1974) er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar som i 1999 vart verdsmeister på 3 000 meter hinder, fire år etter han vann VM-sølv i same øvinga. Han er ein eldre bror til verdsrekordhaldaren Stephen Cherono (Saif Saaeed Shaheen).

Kosgei vekte åtgaum då han berrføtt vann sølvmedaljen på 3 000 meter hinder under verdsmeisterskapen 1995 i Göteborg. Med sluttida 8.09,3 kom han i mål vel fem sekundar bak landsmannen Moses Kiptanui, men over tre sekundar føre bronsevinnaren frå Saudi-Arabia. Dei neste sesongane sleit han med skade og var nær ved å legge opp. Hausten 1998 vart han overtala til å fylgje treningsprogrammet til italienaren Renato Canova.

Gjennom 1999-sesongen deltok Kosgei i heile 14 tevlingar. Den 11. august sette han personleg rekord i hinderøvinga med 8.05,4 i Zürich. Tolv dagar seinare vann han innspurten i finalen på 3 000 meter hinder under VM i friidrett 1999 i Sevilla, sluttida 8.11,7 var 0,3 sekund betre enn det landsmannen Wilson Boit Kipketer presterte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]