Chutney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aloo tikki servert med tre typar chutney.

Chutney er ei blanding av sylta frukt og krydder. Det kan minna om pickle, men er som oftast sterkare og søtare. Chutney kan til dømes ha mango, rosiner, lauk, ingefær og chilipepar som ingrediensar.[1]

Retten oppstod i Sør-Asia, der han finst i ei rekkje variantar som saus eller tilbehøyr til mat. Versjonen med syrleg frukt og sukker har blitt særleg populær verda over.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «chutney». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018.