Cilla Black

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cilla Black

Cilla Black i Amsterdam i februar 1970.
Fødd27. mai 1943
Fødestadi Liverpool
Død2. august 2015 (72 år)
DødsstadMarbella i Spania[1]
OpphavStorbritannia
Aktiv1963–2015
Sjangerpop
Instrumentvokal
PlateselskapEMI, Bell Records, Parlophone
Verka somsongar, skodespelar, programleiar, musikar, songar-låtskrivar, game show-programleiar
Gift medBobby Willis
Prisaroffiser av Den britiske imperieordenen

Cilla Black (fødd Priscilla Maria Veronica White27. mai 19432. august 2015) var ein britisk songar, skodespelar og medieperson. Etter The Beatles var ho ein av dei største artistane frå Liverpool, og den einaste kvinnelege artisten frå denne byen som slo gjennom. Ho fekk aldri noko gjennombrot i USA, men satsa på ein karriere i Storbritannia.

Som tenåring jobba ho i garderoben til den legendariske klubben The Cavern og fekk sjansen til å prøvesynga der. The Beatles-manageren Brian Epstein hjelpte henne i gang. Ho fekk det store gjennombrotet sitt med Burt Bacharach-låten «Anyone Who Had a Heart», som nådde førsteplassen på salslistene i Storbritannia. Oppfølgjaren «You're My World» gjekk òg til topps på listene. Blant Cilla Blacks største hittar sidan er «Alfie», «Don't Answer Me», «Love's Just a Broken Heart», «Surround Yourself with Sorrow», «Something Tells Me» og «I Couldn't Take My Eyes Off You». Paul McCartney og John Lennon gav henne nokon læt, og Paul McCartney skreiv ein låt til henne.

Frå slutten av 1960-talet var Black meir aktuell innan TV enn innan musikk. Ho presenterte underhaldningsprogrammet Cilla på BBC frå 1968 til 1976. Etter ei tid som komedieskodespelar på 1970-talet kom ho attende som programleiar på 1980-talet med underhaldningsshow som Blind Date (1985–2003) for London Weekend Television og Surprise Surprise (1984–2001) for ITV.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Quist, Christina (2. august 2015). «Sangerinne og TV-stjerne Cilla Black er død». VG Rampelys. Henta 5. august 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur