John Lennon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Lennon
Lie In 15 -- John rehearses Give Peace A Chance.jpg
Lennon øver på «Give Peace A Chance» i Montreal i 1969
Fødd9. oktober 1940
Liverpool i England
FødestadLiverpool, Liverpool Maternity Hospital
Død8. desember 1980 (40 år)
New York City i USA
DødsstadNew York
FødenamnJohn Winston Lennon
AliasDr. Winston O’Boogie
OpphavStorbritannia
Aktiv1957 – 1976, 1980
SjangerRock, pop, eksperimentell, bluesrock, psykedelisk rock, kunstrock, softrock, poprock
InstrumentVokal, gitar, piano, bass, munnspel, banjo
Kjende instrumentRickenbacker 325
Epiphone Casino
Gibson J-160E
Les Paul Junior
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarThe Quarrymen, The Beatles, Plastic Ono Band, The Dirty Mac
PlateselskapParlophone, Capitol, Apple, EMI, Geffen, Polydor
Verka somLåtskrivar, musikar
MorJulia Lennon
FarAlfred Lennon
Gift medCynthia Lennon, Yoko Ono
Sambuar medMay Pang
BornJulian Lennon, Sean Lennon
Prisarmedlem av Den britiske imperieordenen, Grammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame, Oscar for beste originalmusikk, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Den britiske imperieordenen

John Winston Ono Lennon (9. oktober 19408. desember 1980), betre kjend som John Lennon, var låtskrivar, vokalist og gitarist i det verdsberømte bandet The Beatles.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Lennon gjorde seg bemerka som politisk aktivist, kunstnar og delvis som forfattar.[1] Han var først gift med Cynthia Powell, som han fekk sonen Julian med. Han forlét Powell for å verta saman med den japanske kunstnaren Yoko Ono i 1969,[2] og endra samtidig namn til «John Ono Lennon».

Musikkarriere[endre | endre wikiteksten]

Lennon var med på å oppretta bandet The Beatles, og var med på å laga dei mest kjende låtane bandet hadde «I Want to Hold Your Hand», «Help!», «Norwegian Wood», «Strawberry Fields Forever», «Lucy in the Sky with Diamonds», «Come Together» og «Across the Universe». Som soloartist produserte han songar som «Give Peace a Chance», «Imagine», «Woman» og «Happy Xmas (War is Over)».

Etter at The Beatles vart oppløyst i 1970 hadde Lennon ein kort, men markant solokarriere i perioden 1970–1975 med ei rekkje politiske og eksperimenterande album. Etter ein lenger pause frå 1975–1980 der han konsentrerte seg om familielivet med Yoko og sonen Sean, fekk han eit comeback med albumet Double Fantasy i 1980.

Attentat[endre | endre wikiteksten]

John Lennon vart drepen etter at Mark David Chapman skaut han fire gonger utanfor heimen sin i New York like før klokka 23:00 den 8. desember 1980. Chapman skaut Lennon på bakgrunn av ondskap og for å sjølv verta berømt.[3][4]

Biografiar og bøker[endre | endre wikiteksten]

Egne utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • In His Own Write, John Lennon, 1963
  • A Spaniard in the Works, John Lennon, 1965.
  • No flies on Frank: his greatest nonsens-hits, John Lennon, 1994.
  • Skywriting by word of mouth and other writings including The ballad of John and Yoko, John Lennon, 1986.

Biografiar[endre | endre wikiteksten]

  • John Lennon: mennesket, musikeren og myten : en biografi, Karsten Jørgensen. 2004 (dansk)
  • John Winston Lennon, Ray Coleman
  • John Ono Lennon, Ray Coleman
  • The Lives of John Lennon, Albert Goldman
  • The Lennon Companion, Twenty Five Years of Comment, E.Thompson og D.Gutman (red.).
  • John Lennon My Brother, Julia Biard (med Geoffry Giuliano), 1989
  • Let Me Take You Down: Inside the mind of Mark David Chapman, Jack Jones, 1992
  • Lennon Revealed, Larry Kane, 2005
  • John, Cynthia Lennon, 2005, Crown Publishers

Plateutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Beatles[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Posthume utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Milk and Honey (med Yoko Ono, 1984)
  • Live in New York City (1986)
  • Menlove Avenue (1986)
  • Imagine: John Lennon (1988)
  • Lennon Legend: The Very Best of John Lennon (1997)
  • Anthology (1998)
  • Wonsaponatime (utval frå Lennonantologien, 1998)
  • Acoustic (2004)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bergan, Jon Vidar (24. januar 2022). «John Lennon». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «John Lennon | Biography, Songs, Albums, Death, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 10. november 2022 
  3. AS, TV 2 (8. november 2022), «- Hadde ondskap i hjertet mitt», TV 2 (på norsk), henta 10. november 2022 
  4. «John Lennon's killer says there was "evil in my heart"», AP NEWS (på engelsk), 7. november 2022, henta 10. november 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: John Lennon
Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: John Lennon