Circles av Andrea Koevska

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Circles»
Song av Andrea Koevska

Land Nord-Makedonia
Språk Engelsk
Utgjeve 29. januar 2022
Sjanger Pop, moderne R&B[1]
Lengd 03:02
Selskap Universal Music Denmark
Låtskrivar(ar) Aleksandar Masevski, Andrea Koevska

«Circles» (norsk 'sirklar') er ein popsong frå 2022 som vert framført av den makedonske songaren Andrea Koevska. Songen var det makedonske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Circles» er skriven av Andrea Koevska saman med Aleksandar Masevski. Ifølgje Koevska handlar songen om den augneblinken ein tek lagnaden i eigne hender og innser at ein er sterk nok til å forandre livet sitt til det betre. Songen vart skriven på eit tidspunkt då Koevska levde i eit dårleg forhold, og sjølv om kjærleiken var sterk, var det umogleg å fortsette i forholdet. Tittelen spelar ifølgje Koevska på styrken ein finn når ein klarar å bryte ut av «sirklane» ein føler i slike situasjonar.[2]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Låtskrivarane sende inn bidraget til den makedonske songtevlinga Za Evrosong i regi av den makedonske ålmennkringkastaren MRT. Vinnaren av tevlinga fekk representere Nord-Makedonia i Eurovision Song Contest 2022. «Circles» var eitt av seks bidrag som vart plukka ut til tevlinga 4. februar 2022.[3][4] Bidraga vart offentleggjorde og slopne 28. januar 2022.

I finalen 4. februar vann «Circles» med 20 poeng, av desse kom 12 poeng frå den internasjonale juryen og 8 poeng frå telefonavrøystinga. Som vinnar vart «Circles» det makedonske bidraget i Eurovision Song Contest 2022.[5] Der deltok han i den andre semifinalen torsdag 12. mai. Der vart han nummer 11 av 18, éin plass unna frå å kvalifisere seg til finalen laurdag 14. mai.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rolling Stone Italia, red. (12. mai 2022). «Eurovision Song Contest 2022, le pagelle della seconda semifinale». Henta 13. mai 2022. 
  2. «ВИДЕО | Андреа за евровизиската песна: Музиката ми помогна да го надминам лошиот период од животот». Слободен печат (på makedonsk). 21. februar 2022. Henta 15. mars 2022. 
  3. Ibrayeva, Laura (21. januar 2022). «North Macedonia: Eurosong 2022 Participants Revealed». Eurovoix (på engelsk). Henta 21. januar 2021. 
  4. Luukela, Sami (21. januar 2022). «MRT reveals the six national finalists for Za Evrosong 2022». ESCXTRA.com (på engelsk). Henta 21. januar 2022. 
  5. Farren, Neil (4. februar 2022). «🇲🇰 North Macedonia: Andrea to Eurovision 2022». Eurovoix (på engelsk). Henta 4. februar 2022. 
  6. «Second Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022.