Cirka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cirka eller sirka er eit ord som tyder om lag og vert brukt for å skildre usikre eller uviktige mål, slik som datoar eller mengder. Ordet kjem frå latin circa, som tyder 'rundt'.

Til dømes kan ein seie at slaget ved Hafrsfjord hende cirka (gjerne forkorta c. eller ca.) 872, dersom årstalet er usikkert. Dess lengre tilbake i tid ein kjem, til breiare er perioden som cirka omfattar.

  • Innan dei siste hundre åra bør cirka vere nøyaktig innanfor fem år (t.d. 1940, 1945, 1950, 1955).
  • Innan dei siste fem hundre åra bør cirka vere nøyaktig innanfor ti år (t.d. 1720, 1730, 1740, 1750).
  • Innan dei siste tusen åra bør cirka vere nøyaktig innanfor tjuefem år (t.d. 1250, 1275, 1300, 1325).
  • Innan dei siste to tusen åra bør cirka vere nøyaktig innanfor femti år (t.d. 150, 200, 250, 300).
  • Innan den nedskrivne historia til menneske bør cirka vere nøyaktig innanfor hundre til to hundre år.

Kommersiell bruk[endre | endre wikiteksten]

Circa er eit merkenamn i rullebrettindustrien som lagar sko, klede og rullebrett. Profesjonelle rullebrettkøyrarar kan få seg kontrakt med rullebrettlaget til Circa.