Grassongarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Cisticolidae)
Hopp til navigering Hopp til søk
Grassongarar


Gyllengrassongar, Cisticola exilisFoto: Sudhir Shivaram
Gyllengrassongar, Cisticola exilis
Foto: Sudhir Shivaram
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Cisticolidae
Slekter
  • Mange, sjå teksten
  • Grassongarar er ein biologisk familie av små sporvefuglar, ei gruppe på rundt 160 songarar som hovudsakleg lever i varmare og sørlege delar av «den gamle verda».

    Denne familien stammar truleg frå Afrika der ein finn dei fleste artane, men det lever representantar for familien på tvers av tropisk Asia inn i Australasia, og ein art, cistussongar, hekkar til og med i Europa.

    Desse er generelt mykje små, lite iaugefallande fuglar i dominerande brun eller grå farge. Ein finn grassongarar i ope landskap som grassletter eller krattskog. Dei er ofte vanskelege å observere, og mange artar er mykje like i utsjånad, derfor er ofte songen beste nøkkelen til identifisering.

    Dette er insektetande fuglar som hekkar lågt i vegetasjonen.

    Utanom den største slekta Cisticola av grassongarar og cistussongarar, samlar familien 21 andre slekter, mellom anna jeriar, apalisar, smettsongarar, priniaer, skredderfuglar og eremomelaer.

    Grassongarar er ofte inkludert i songarfamilien, Sylviidae.

    Artslista[endre | endre wikiteksten]

    Grassongarar, Cisticolidae, i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

    Slekt Neomixis

    • Grånakkejeri, Neomixis tenella, Common Jery, LC, Hartlaub, 1866
    • Grønjeri, Neomixis viridis, Green Jery, LC, Sharpe, 1883
    • Stripestrupejeri, Neomixis striatigula, Stripe-throated Jery, LC, Sharpe, 1881

    Slekt Apalis, 21 artar apalisar

    Slekt Poliolais

    • Kvithalesongar, Poliolais lopezi, White-tailed Warbler, NT, Alexander, 1903

    Slekt Camaroptera

    • Villnissongar, Camaroptera brachyura, Green-backed Camaroptera, LC, Vieillot, 1820
    • Blåflekksongar, Camaroptera superciliaris, Yellow-browed Camaroptera, LC, Fraser, 1843
    • Olivenryggsongar, Camaroptera chloronota, Olive-green Camaroptera, LC, Reichenow, 1895

    Slekt Urorhipis

    Slekt Calamonastes

    Slekt Euryptila

    • Ravinesongar, Euryptila subcinnamomea, Kopje Warbler, LC, Smith, 1847

    Slekt Schistolais

    Slekt Artisornis

    Slekt Malcorus

    • Rustøyreprinia, Malcorus pectoralis, Rufous-eared Warbler, LC, Smith, 1829

    Slekt Drymocichla

    • Brunvengsongar, Drymocichla incana, Red-winged Gray Warbler, LC, Hartlaub, 1881

    Slekt Urolais

    • Grønsongar, Urolais epichlorus, Green Longtail, LC, Reichenow, 1892

    Slekt Spiloptila

    • Sirissongar, Spiloptila clamans, Cricket Longtail, LC, Temminck, 1828

    Slekt Scepomycter

    • Rusthovudsongar, Scepomycter winifredae, Mrs. Moreau's Warbler, VU, Moreau, 1938

    Slekt Cisticola

    Slekt Incana

    Slekt Hypergerus

    • Pirolsongar, Hypergerus atriceps, Oriole Warbler, LC, Lesson, 1831

    Slekt Eminia

    Slekt Bathmocercus

    • Svarthovudrustsongar, Bathmocercus cerviniventris, Black-capped Rufous-Warbler, NT, Sharpe, 1877
    • Maskerustsongar, Bathmocercus rufus, Black-faced Rufous-Warbler, LC, Reichenow, 1895

    Slekt Phyllolais

    • Akasiesongar, Phyllolais pulchella, Buff-bellied Warbler, LC, Cretzschmar, 1827

    Slekt Orthotomus

    Slekt Prinia, ca. 27 artar priniaer

    Slekt Eremomela, 11 artar eremomelaer

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar[endre | endre wikiteksten]

    1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
    2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]