Citizendium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Citizendium er eit nettbasert oppslagsverk, lansert i 2007 av Larry Sanger. Sanger var sentral då Wikipedia vart starta opp, men vart misnøgd med utviklinga av prosjektet. Citizendium vil nytta seg av MediaWiki-teknologien utvikla av Wikipedia-miljøet og Wikipedia sin GFDL-lisensierte artikkeldatabase. I motsetnad til Wikipedia skal ikkje Citizendium vera ope for redigering for alle brukarar av internett. For å få lov til å redigera må ein gå gjennom ein godkjenningsprosess. Målet med slik godkjenning er å unngå hærverk, og å oppnå høgare kvalitet på artiklane.

Citiziendum vart annonsert i betautgåve 25. mars 2007. Leksikonet hadde 26. april 2009 13628 artiklar, av dei hadde 122 komme seg gjennom godkjenningsprosessen og var godkjende artiklar. Dei fleste av desse 122 var frå ulike naturvitskaplege fagfelt, eller dei var biografiar over kjende personar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]