Ciudad Perdida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ciudad Perdida
Land  Colombia
Kart
Ciudad Perdida
11°02′17″N 73°55′31″W / 11.037997222222°N 73.925191666667°W / 11.037997222222; -73.925191666667
Wikimedia Commons: Ciudad Perdida

Ciudad Perdida (spansk for 'Tapt by') er ein arkeologisk funnstad i Sierra Nevada de Santa Marta i Colombia. Han er ein gammal by som ein reknar med blei grunnlagd rundt år 800, om lag 650 år før Machu Picchu. Staden er også kjend som «Teyuna» og «Buritaca 200».

I Ciudad Perdida finst 169 terrassar grovne ut i fjellsida, eit nettverk av hellelagde vegar og fleire små, runde torg. Ein kan berre koma inn til staden ved å gå opp 1 200 trappetrinn av stein gjennom tett jungel.[1][2]

Moderne oppdaging[endre | endre wikiteksten]

Ciudad Perdida blei oppdaga i 1972, då ei gruppe lokale skattejegerar fann ei rad steintrinn som gjekk opp fjellsida. Dei følgde trinna og fann ein forlaten by. Då gullstatuettar og keramiske urner frå denne byen byrja å sirkulera på den lokale svartebørsen drog arkeologar leia av Instituto Colombiano de Antropología til staden i 1976. Dei utførte ein komplett rekonstruksjon i tida 1976–1982.[2][3]

Medlemmer av lokale urfolksstammar – arhuaco, kogi og wiwa – har sagt at dei vitja staden jamleg før han blei vidkjend, men at dei ikkje hadde snakka om han. Dei kallar byen Teyuna og meiner han var hjartet i eit nettverk av landsbyar som husa forfedrane deira, Tairona. Ciudad Perdida var truleg det politiske og industrielle senteret for regionen rundt Buritaca-elva, og kan ha husa 2 000–8 000 folk. Det verkar som om han blei fråflytta under den spanske erobringa.[2]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Explore the Site». Global Heritage Fund. Arkivert frå originalen 8. september 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Muse, Toby (2004). «Lost City». Archaeology (September-October). 
  3. Alvaro, Soto-Holguin (1976). The Lost City of the Tayronas. Bogota, Colombia: Im Editors.