Clarks element

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skisse av Clarks element (1897)

Clarks element er eit elektrisk element konstruert av J.L. Clark. Det vert nytta som normalelement ved måling av elektrisk spenning. Den positive polen består av kvikksølv omgjeven av ei blanding av kvikksølv(I)sulfat og sinksulfat, den negative polen består av sinkamalgam. Elektrolytten er ei konsentrert løysing av sinksulfat i vatn. Den elektromotoriske spenninga ved 18 °C er 1,4292 volt, og han minkar med 0,00123 volt per grad temperaturstigning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]