Claude-Louis Navier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Claude-Louis Navier
Claude-Louis Navier.jpg
Fødd10. februar 1785
Dijon
Død21. august 1836
Paris
NasjonalitetFrankrike
Områdemekanikk
Yrkefysikar, samfunnsøkonom, matematikar, engineer of roads and bridges, ingeniør, bygningsingeniør
InstitusjonarÉcole des Ponts ParisTech
École Polytechnique
Alma materÉcole Polytechnique
École des Ponts ParisTech
DoktorgradsrettleiarJean Baptiste Joseph Fourier
MedlemSociété philomathique de Paris
Det franske vitskapsakademiet

Claude-Louis Marie Henri Navier (10. februar 178521. august 1836) var ein fransk ingeniør.

Navier var fødd i Dijon. Han blei professor ved École des ponts et chaussées i Paris 1819 og ved École polytechnique i 1802. Han blei utnemnd til medlem av Det franske vitskapsakademiet i 1824. Navier døydde i Paris.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Claude-Louis Navier er rekna som ein av banebrytarane for bruk av teoretisk mekanikk innan ingeniørfaget, og gav ut fleire grunnleggjande avhandlingar knytt til teori for brubygging, væskemekanikk og nærskylde område.

Navier-Stokes-likningane, som forklarer korleis ulike krefter verker på ei væske, har namn etter han og George Gabriel Stokes.

Navier sitt namn er eitt av dei 72 som er innskrivne på Eiffeltårnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]