Bru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bogebru i Firenze.
Svært enkel bjelkebru.
Nordhordlandsbrua, både flytebru og skråkabelbru

Ei bru er ein konstruksjon laga for kryssing av til dømes elver eller juv. I nyare tid er det òg blitt vanleg å byggja bruer over smale havstykke, som sund eller fjordar. Bruer kan bli brukte for å letta trafikken, både ved fotgjengararbruer over vegar og jernbanespor eller bruer for tog eller vegtransport over ei anna ferdselsåre.

Å byggja bruer er ein kunst som ingeniørar har imponert med i årtusen. Romarane er kjende for å ha bygd bruer overalt der riket deira spreidde seg.

Brutypar[endre | endre wikiteksten]

Lunde bru er ei tørrmura bogebru

Det finst fleire typar bruer, frå enkle til svært innvikla.

  • bjelkebru er ganske enkelt ein tjukk bjelke brukt som bru.
  • bogebru er forma som ein boge, og presset blir leia til fundamentet av brua.
  • hengebru er ei bru som er forankra med kablar frå høge tårn på kvar side og kanskje undervegs på brua.
  • skråkabelbru er óg forankra i høge tårn, men her står kablane i ei vifte ut frå tårna
  • flytebru er ei bru som ligg på vatnet, halde oppe av si eiga oppdrift. Har gjerne pontongar for å få stor nok oppdrift.
  • klopp er ei lita gangbru av stokkar eller stein
  • vindebru
  • utkragingsbru er ein variant av bjelkebru der spennet blir gjort kortare ved å mure utkraging frå begge sider slik at det dannar ein sterk «utkragingsbue»[1]
Døme på utkragingsteknikk i tørrmur, detalj av Horndøla bru frå 1810.
Golden Gate Bridge er ei hengebru.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. SNL: Bro lese på nett 27. mars 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]