Claus Jervell
Utsjånad
| Claus Jervell | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 20. april 1812 |
| Død | |
| Yrke | politikar |
| Språk | norsk |
Claus Steffensen Jervell (20. april 1812–10. juli 1867) var ein norsk kjøpmann, meklar og stortingsmann frå Molde.
Jervell var son av ein kjøpmann i Molde. Han var sjølv kjøpmann i heimbyen i mange år, heilt til han gjekk konkurs. Flytta kring 1858 til Trondheim, der han dreiv som skipsmeklar.
I 1857 møtte Jervell som representant for Ålesund og Molde på Stortinget, var sekretær i protokollkomiteen. Han møtte ikkje på Stortinget i 1858, då boet hans var under handsaming i skifteretten.
Jervell døydde i Trondheim i 1867, båra vart ført til Molde og gravlagd der.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914