Col de l'Iseran
| Col de l'Iseran | |||
| | |||
| Stad | Val-d'Isère, Bonneval-sur-Arc | ||
|---|---|---|---|
| Opna | 10. juli 1937 | ||
![]() Col de l'Iseran 45°25′01″N 7°01′51″E / 45.416944444444°N 7.0308333333333°E | |||
Col de l'Iseran er eit pass på 2770 moh. som er det høgastliggande køyrbare fjellpasset i Alpane.[a] Det ligg i Dei graiiske Alpane i det franske Département Savoie. Den asfalterte strekninga der ein del av Route des Grandes Alpes.
Vegen knyter saman fjelldalane Isère (Tarentaise) og Arc (Maurienne) renn gjennom. Den eigentlege passvegen strekker seg frå Val-d'Isère i nord til Bonneval-sur-Arc i sør. Nordsida er brattast, vegen har ei stigningsgrad frå 7 til 12 % og går gjennom ei rekke tunnelar og overbygg. Her finn ein kjente vintersportstader som Tignes og Val-d'Isère. På sørsida går vegen i det fri gjennom ein karrig fjelldal. Vegen er berre farbar om sommaren, om vinteren blir den brukt som alpintrasé under skiområdet Espace Killy.
Rett vest for passhøgda ligg Pointe des Lessières, ein relativt lett tilgjengeleg topp på 3041 moh. med eit flott utsyn over passvegen.
Tour de France
[endre | endre wikiteksten]Så langt har Tour de France gjort bruk av Col de l’Iseran vore i åra 1938, 1939, 1949, 1949, 1963, 1992 og 2007. Iseran stod på programmet i 1996 òg, men dårleg vêr gjorde at klatringa over passet blei tatt ut.
| År | Etappe | Kategori | Leiar over toppen |
|---|---|---|---|
| 2007 | 9 | HC | Jaroslav Popovitsj |
| 1992 | 13 | HC | Claudio Chiappucci |
| 1963 | 16 | 1 | Fernando Manzaneque |
| 1959 | 18 | 1 | Adolf Christian |
| 1949 | 17 | 1 | Joseph Tacca |
| 1939 | 16b | ITT | Sylvere Maes |
| 1938 | 14 | Felicien Vervaecke |
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Roadbook Tour de France, Kristian Bauer, Bruckmann Verlag 2006
- Peter Leisl, Die legendären Anstiege der Tour de France, Covadonga 2004
- Serge Laget, Cols mythiques du Tour de France, L’Equipe 2005
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Det går rett nok ei vegsløyfe over Col de la Bonette (2715 m) som når 2 802 m, men sløyfa kan ikkje reknast som eit pass.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- 4biker.eu Arkivert 2008-06-01 ved Wayback Machine.
- Høgdeprofil nordsida Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.
- Høgdeprofil sørsida Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.
- GPS-track, kart og høgdeprofil på alpenrouten.de
