Col de la Bonette
Col de la Bonette | |||
---|---|---|---|
Passovergangen med sløyfa rundt Cime de la Bonette | |||
Nord | Søraust | ||
Passhøgd | 2 715 m | ||
Departement | Alpes-de-Haute-Provence, Frankrike | Alpes-Maritimes, Frankrike | |
Vasskilje | Ubaye | Tinée | |
Stader | Jausiers | Saint-Étienne | |
Samband | Passveg | ||
Bygd | 1960–1961 | ||
Vinterstengt | 1. oktober - 15. juni | ||
Fjellområde | Dei maritime Alpane | ||
Profil | |||
Stigning (snitt) | 6,8 % (1 502 m / 22 km) | 6,5 % (1 565 m / 24 km) | |
Stigning (maks) | 9,0 % (ved km 14) | 15,0 % (ved km 12) | |
Kart | |||
| |||
Koordinatar | 44° 19′ 36″ N, 6° 48′ 26″ AKoordinatar: 44° 19′ 36″ N, 6° 48′ 26″ A |
Col de la Bonette er eit 2 715 m høgt fjellpass i dei franske maritime Alpane nær grensa til Italia.
Passhøgda dannar grensa mellom departementa Alpes-de-Haute-Provence og Alpes-Maritimes. Den smale, men gjennomgåande asfalterte vegen SG 3, knyter saman Ubaye-dalen ved Jausiers (1 240 m) med Tinée-dalen ved Saint-Étienne-de-Tinée (1 144 m). Passet blir danna av toppane Cime de la Bonette (2 860 moh) og Cime des Trois Serrières (2 753 moh).
Historie[endre | endre wikiteksten]
Frå 1890 og framover blei fleire militæranlegg bygd opp, to av dei ligg rett ved vegen. Bunkersanlegg i samband med Maginotlinja vart sett opp i åra 1931–1940.[1] Dagens veg – bygd i 1960–1961 – er i vår tid lite viktig trafikalt.
Tour de France[endre | endre wikiteksten]
Passet har stått på Tour de France-programmet i 1962, 1964, 1993 og 2008.
År | Etappe | Kategori | Start | Mål | Leiar over høgda |
---|---|---|---|---|---|
2008 | 16 | HC | Cuneo | Jausiers | John-Lee Augustyn |
1993 | 11 | HC | Serre-Chevalier | Isola 2000 | Robert Millar |
1964 | 9 | 1 | Briançon | Monaco | Federico Bahamontes |
1962 | 18 | 1 | Antibes-Juan-les-Pins | Briançon | Federico Bahamontes |
Galleri[endre | endre wikiteksten]
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Infotavler ved Casernes de Restefond
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Høgdeprofil nordsida Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.
- Høgdeprofil sørsida Arkivert 2016-02-23 ved Wayback Machine.