Kystalpane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dei maritime Alpane)
Kystalpane
fjellkjede
Land  Frankrike,  Italia
Kart
Kystalpane
44°13′53″ N 7°10′36″ E
Wikimedia Commons: Maritime Alps

Dei maritime Alpane eller Kystalpane er ei fjellkjede i den sørvestlege delen av Alpane. Ho dannar grensa mellom det franske departementet Alpes-Maritimes og den italienske provinsen Cuneo. På andre sida av Col de Tende ligg Dei liguriske Alpane og på den andre sida av Maddalena-passet ligg Dei cottiske Alpane. Mercantour nasjonalpark er ein del av Dei maritime Alpane.

Vatn frå Dei maritime Alpane renn ut i elvane Roya, Var og Verdon og sideelevane deira på den franske sida, og i Stura di Demonte og andre sideelvar til Tanaro og Po på den italienske sida.

Fjellkjeda Argentera, med dei høgste toppane i Kystalpane.

Fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

Dei høgste fjelltoppane i Dei maritime Alpane er:

Monte Argentera 3 297 m Mont Ténibre 3 032 m
Cime du Gélas 3 135 m Cime de l'Enchastraye 2 955 m
Monte Matto 3 087 m Mont Bégo 2 873 m
Mont Pelat 3 053 m Mont Mounier 2 818 m
Mont Clapier 3 046 m Roche de l'Abisse 2 755 m

Fjellovergangar[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste fjellovergangane i Dei maritime Alpane er:

Namn Stad Type Høgd (m)
Col de la Bonette Tinéedalen til Barcelonnette veg 2 725
Col de Restefond Col de la Bonette til Barcelonnette veg 2 680
Bassa di Druos Tinéedalen til Terme di Valdieri ridesti 2 630
Colle di Ciriegia Saint-Martin-Vésubie til Terme di Valdieri ridesti 2 551
Col des Granges Communes Saint-Étienne-de-Tinée til Barcelonnette ridesti 2 512
Col de Pourriac Tineedalen til Argentera sti 2 506
Colle di Guercia Tineedalen til Vinadio sti 2 451
Col de la Lombarde Isola til Vinadio veg 2 350
Col de la Cayolle Vardalen til Barcelonnette veg 2 327
Col du Sabion Tende til Valdieri ridesti 2 264
Col d'Allos Verdondalen til Barcelonnette veg 2 250
Maddalena-passet Barcelonnette til Cuneo veg 1 995
Col de Tende Tende til Cuneo veg og tunnel jarnbanetunnel 1 873

Koordinatar: 44°13′53″N 7°10′36″E