Composite Gazetteer of Antarctica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Composite Gazetteer of Antarctica (CGA) er det internasjonalt anerkjente stadnamnregisteret for Antarktika. Det blir gjeve ut av Scientific Committee on Antarctic Research (SCAR) og inneheld alle antarktiske toponym publisert i nasjonale stadnamnregister, i tillegg til grunnleggande informasjon om desse namna og relevant geografisk informasjon. Registeret omfattar òg International Hydrographic Organization (IHO) General Bathymetric Chart of the Oceans (GEBCO) sitt register for undersjøiske kjennemerke sør for 60 °S.

I oktober 2012 inneheldt CGA 36 857 geografiske namn for 18 858 kjennemerke, inkludert 500 med to eller fleire heilt forskjellige namn som kjem frå følgjande kjelder:


        Land               Namn      
USA 13 161
Storbritannia 4 943
Russland 4 808
New Zealand 2 593
Argentina 2 545
Australia 2 432
Chile 1,865
Noreg 1,647
Bulgaria 821
Tyskland 393
Polen 365
Japan 344
Kina 279
Frankrike 223
GEBCO 182
Belgia 117
Italia 53
Spania 30
India 21
Ecuador 9
Uruguay 5
Sør-Afrika 2
Canada 2


Nasjonale instansar for antarktiske stadnamn[endre | endre wikiteksten]

Land/offisiell instans:

Argentina: Instituto Geográfico Militar Sección Toponimia del Servicio de Hidrografía Naval de la Armada Argentina and Instituto Antártico Argentino;
Australia: Australian Antarctic Names and Medals Committee;
Bulgaria: Antarctic Place-names Commission;
Canada: Geographical Names Board of Canada;
Chile: Instituto Hidrografíco de la Armada de Chile and Instituto Geográfico Militar;
Kina: Den kinesiske stadnamnkomiteen;
Frankrike: Commission de Toponymie des TAAF, Institut Géographique National;
Tyskland: Ständiger Ausschuß für Geographische Namen;
Italia: Comitato per i nomi geografici antartici;
Japan: Den japanske antarktiske stadnamnkomiteen;
New Zealand: Antarctic Place-names Committee of New Zealand;
Noreg: namnekomiteen ved Norsk Polarinstitutt ;
Polen: Komiteen for polarforsking under Det polske vitskapsakademiet;
Russland: Russiske interadministrative kommisjon om geografiske namn;
UK: British Antarctic Survey UK Antarctic Place-names Committee;
Uruguay: Instituto Antártico Uruguayo;
USA: United States Board on Geographic Names;
GEBCO: GEBCO Sub-Committee on Undersea Feature Names.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]