Connie Francis
| Connie Francis | |||
| | |||
| Fødd | 12. desember 1937 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Newark | ||
| Død | 16. juli 2025 (87 år) | ||
| Dødsstad | Pompano Beach | ||
| Fødenamn | Concetta Rosemarie Franconero | ||
| Alias | Connie Francis | ||
| Opphav | USA | ||
| Aktiv | 1943–2018 | ||
| Sjanger | popstandardard, rock and roll, country pop, jazz, country, folkemusikk, pop, vokaljazz | ||
| Instrument | trekkspel, vokal, pianotrekkspill | ||
| Plateselskap | MGM Records, Polydor Records, United Artists Records, Malaco Records, Legacy | ||
| Verka som | songar, fjernsynsskodespelar, låtskrivar, filmskodespelar, forfattar, musikar, skodespelar | ||
| Prisar | Awit Awards, Italian Walk of Fame | ||
Connie Francis (12. desember 1937–16. juli 2025) var ein USA-amerikansk songar frå Newark i New Jersey. Francis hadde fleire internasjonale hittar i 1950- og 1960-åra. Blant dei best kjende er «Who's Sorry Now?», «Lipstick on Your Collar», «Somewhere My Love» og «Stupid Cupid». Ho toppa hitlistene fleire gonger, som med «Everybody's Somebody's Fool».
Francis heitte opphavleg Concetta Rosemarie Franconero. Ho kom frå ein italiensk-amerikansk familie og voks opp i bydelen Italian Down Neck, eller Ironbound, i Newark i New Jersey, etter å ha levd dei første åra av livet i Brooklyn.[1]
Ho byrja tidleg å opptre offentleg. Som tiåring var ho med i det amerikanske fjernsynsprogrammet Startime, der unge talent fekk sjansen til å visa seg fram. Ho opptredde først med trekkspel, men gjekk snart over til å berre synga. Det var her ho fekk det kortare artistnamnet Connie Francis.
Connie Francis gav ut sin første singel i 1955, men fekk ikkje stor suksess før i 1957 med «Who's Sorry Now?». Francis spelte inn plater på tretten språk i løpet av karrieren: Engelsk, fransk, gresk, italiensk (og dialekten napolitansk), hawaiisk, hebraisk, japansk, jiddisch, latin, nederlandsk, portugisisk, svensk og tysk. Under ein live-konsert i Braşov i Romania i mars 1970 sang ho også på rumensk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Connie Francis: Who's Sorry Now? (Autogiography), St. Martin's Press, 1984, ISBN 0-312-87088-4
- Denne artikkelen bygger på «Connie Francis» frå Wikipedia på bokmål, og «Connie Francis» frå Wikipedia på svensk den 17. november 2016.