Connie Mathisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Connie Mathisen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. april 1976 (48 år)
Yrke handballspelar

Connie Mathisen (fødd 6. april 1976) er ein norsk tidlegare handballspelar. Kantspelaren fekk VM-bronse med Noregs landslag i 1993.

Mathisen spelte dei fyrste ungdomsåra på Torp IL i Fredrikstad, før ho i 1993 melde seg inn i det lokale topplaget Skjeberg IL. Sidan var ho nokre sesongar aktiv i Byåsen IL før ho atter var Skjeberg-spelar kring 2002-04.

Mathisen spelte ni landskampar for Noreg i tida frå mars til november 1993 og skåra fem mål. Ho var med i den norske VM-troppa 1993 utan å få eit sekunds speletid i meisterskapen, men vann altså ein bronsemedalje.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Handball-VM 1993: Bronsemedalje etter 20-19 mot Romania

Kjelder[endre | endre wikiteksten]