Conrad Clausen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Conrad Clausen
Fødd 21. november 1902
Tacoma
Død

27. mai 1990

Conrad Gudrow Clausen (21. november 190227. mai 1990) var ein lærar, redaktør, historikar og forfattar frå Askøy.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Clausen var fødd i Tacoma i USA og kom til Noreg i 1908. Han hadde utdanninga si frå Elverum lærarskule og underviste ved ymse skular på Askøy.

Conrad Clausen var med og fekk reist bauta over Olav Nygard i Modalen i 1931. Han fekk reist steinkrossen over Kirkia à Aske (fyrste kyrkja på Askøy, truleg bygd kring 1150). Clausen fekk òg reist Håkonarminnet på Håkonarhaugen på Seim i 1961 og minnesmerke over diktaren Ragnvald Vaage i Kvinnherad (1972). Han var dessutan med og fekk reist bauta over Arne Bjørndal i Hosanger og minnesmerke over Olaf Hanssen på Os (1983).

Clausen vart nytta mykje som kåsør i NRK mellom anna i programmet Middagsstunden.

Conrad Clausen var ein nær ven av diktaren Olav Lavik.

Redaktør og lagmann[endre | endre wikiteksten]

Han var redaktør for fylgjande blad og skrifter:

  • Ung Norig 1930 - 1938
  • Norsk Jol 1930 -
  • Frå Fjon til Fusa 1948 - 1990
  • Askøy Tidend 1950 - 1978
  • Verden Venter 1950 - 1984

Han var formann i fylgjande lag:

  • Askøy Mållag 1926 - 1929
  • Nygardsringen 1929 -
  • Nord- og Midhordland Sogelag 1950 - 1984
  • Noregs Fredslag 1950 - 1975, Rådspresident i Noregs Fredslag 1975 - 1990
  • Norrønalaget Bragr - 1990

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Conrad Clausen skreiv og/eller redigerte:

  • Runor rita minnet om Olav Nygard 1951
  • Olav Nygard og Petra Krøvel 1933
  • Starkad 1933
  • Askøy Herad i Hundrad år 1937
  • Sjøormen og andre fabeldyr 1939
  • Lensmennene i Hordaland 1951
  • Arne Bjørndal: Norsk folkemusikk. Festskrift til 70-års dagen 1952
  • Ask kapell i 50 år, saman med Ingvald Fluge og Magne Skeie 1958
  • Vestmannalaget i 110 år, saman med Hannaas og Jerdal 1978
  • Ei bok um Olaf Hanssen 1983
  • Festskrift til Knut Horvei på 90-års dagen 1983
  • Olav Nygard: Dikt i samling 1984
  • Festskrift til Ludvig Jerdal på 80-års dagen 1988
  • I tillegg kjem "Bragr-bøkene" - ei samling på i alt 11 bøker som kom ut i eit tidsrom på 20 år, frå 1968 til 1988.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Conrad Clausen fekk:

  • Kongens Fortenestemedalje i gull i 1972
  • Nordhordlandsprisen frå Ostereidet mållag i 1978
  • Askøy kommune sin kulturpris "Kipekjerringa" i 1985
  • Riddar av Islands Falk med heidersbrev frå Forseti Islands i 1990

Han fekk òg ymse andre heidersprisar som:

  • Gjelsvikprisen frå Norsk Måldyrkingslag
  • Halldor O. Opedals fond for norsk målreising og måldyrking

og honnørprisar frå Fritz Monrad Walles fond.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Det er landet og soga som kallar Minneskrift Conrad Clausen 1902 - 2002. (Norsk Bokreidingslag)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]