Conrad Mohr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Conrad Mohr
Conrad Mohr.jpg
Fødd 5. januar 1849
Bergen
Død

3. oktober 1926
Bad Kissingen

Yrke forretningsdrivande

Conrad Mohr (fødd 4. januar 1849 i Bergen, død 3. oktober 1926 i Bad Kissingen) var ein norsk forretningsmann og legatstiftar.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Mohr var son av Wilhelm Mohr (1820–80) og bror av embetsmann August Christian Mohr (1847–1918). Han var far til godseigaren Wilhelm Mohr (1886–1978) og geografen Anton Mohr (1890–1968).

Aug. C. Mohr & Søn[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha fått ei grundig utdanning innan handel byrja han i 1877 i det bergenske firmaet Aug. C. Mohr & Søn. Etter faren døydde i 1880 vart han sjef for firmaet saman med onkelen Anthon Mohr. Då onkelen døydde i 1890 dreiv han selskapet aleine, før Christian Magnus Kjær kom til selskapet i 1897. Mohr var aktiv i firmaet fram til 1902.

I perioden Mohr var i Aug. C. Mohr & Søn arbeidde han firmaet opp til å verte største kornimportøren i landet, særleg ved å utnytte kornmarknadane ved Svartehavet.

Conrad Mohrs legat[endre | endre wikiteksten]

Conrad Mohr stifta «Conrad Mohrs legat» 24. september 1917 med ein eigenkapital på ein million kroner. Renter av dette skulle nyttast til reisestipend for forfattarar, skodespelarar, målarar, bilethoggarar og journalistar, i tillegg til personar som ynskte å studere sosialismen. Forslag til utdeling skulle kome frå styra i Den norske Forfatterforening, Norsk skuespillerforbund, Bildende kunsteres styre, Norges presseforbund og Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti. Seinare vart legatet slått saman med Anton Christian Houens legat og heiter i dag «Anton Christian Houens og Conrad Mohrs legat for kunstnere».

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Conrad Mohr vart i 1887 utnemnd til tysk konsul og hadde ofte kontakt med den tyske keisar Wilhelm II under hans reiser i Noreg. I 1918 blei han tysk generalkonsul. Eit portretthovud av han, utført av Sofus Madsen, står ved Lille Lungegårdsvann i Bergen. Conrad Mohrs vei i Fana og på Minde i Bergen er oppkalla etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Illustreret norsk konversationsleksikon, bind V, sp. 820–21. Kristiania: Aschehoug, 1912.
  • Salmonsens leksikon, Anden Udgave, bind XVII, s. 162. København: J. H. Schultz, 1924.
  • A. M. Wiesener: Slegten Mohr fra Bevern. Bergen: John Griegs bogtr., 1909.
  • Christian Mohr: Familien Mohr fra Bergen. Oslo, 1953.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]