Consett
| Consett | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | County Durham | ||
| Folketal | 27 394 (2001) | ||
| Postnummer | DH8 | ||
| Retningsnummer | 0 1207 | ||
![]() Consett 54°51′N 1°50′W / 54.85°N 1.83°W | |||
| Wikimedia Commons: Consett | |||
Consett er ein by i grevskapet County Durham i England. Han har kring 27 500 innbyggjarar, og ligg om lag 10 km sørvest for Newcastle-upon-Tyne ved foten av Penninane. I 1841 var han ein liten landsby med berre 145 innbyggjarar, men voks så raskt på grunn av kol- og jernmalmindustri, samt nærliggande kalkstein.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Byen ligg oppe i åssida ved kanten av Penninane, på den steile austlege breidda av Derwent-elva nær grensa mellom County Durham og Northumberland. Derwent-reservoaret like vest for byen er ein viktig del av vassforsyninga i Nordaust-England, og er også ein populær stad å vitja.[1]
Consett ligg kring 270 meter over havet. Han er den tredje høgaste marknadsbyen i England og ein av dei høgaste småbyane i Storbritannia. Consett er typisk minst 2 °C kaldare enn byar i nærleiken, som Durham og Newcastle, og er meir utsett for frost, is og snø om vinteren.
Consett har butikkar, pubar og nattklubbar som også blir nytta av folk frå nærområdet, som Shotley Bridge, Blackhill og Castleside.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Namnet «Consett» har opphav i det gammalengelske cunecheafod (heafod tyder 'odde', tydinga av cunec er mindre klar, men det er truleg avleidd frå det brittonske conyge, 'ås'), som fyrst blei dokumentert på 1200-talet.[2] I 1841 var staden eit landsbyområde med berre 145 innbyggjarar, men han var på veg til å veksa kraftig: under jorda fanst det koks og jernmalm, og i nærleiken var det kalkstein. Desse tre ingrediensane var naudsynlege for å produsera jern og stål i masomnar.
Byen ligg på den steile austlege breidda av Derwent-elva og har opphav i den industrielle utviklinga som fyrst oppstod kring funn av bly i området, i lag med utviklinga av stål i Derwent-dalen.
På 1600- og 1700-talet var Derwent-dalen vogga til den britiske stålindustrien, takka vere lett tilgjengeleg kole i området og import av jernmalm av høg kvalitet frå Sverige gjennom hamna i Newcastle upon Tyne. Etter oppfinninga av Bessemer-prosessen på 1800-talet kunne ein laga stål av britisk jernmalm (som før hadde vore for mykje ureina av fosfor). Den geografiske fordelen til Derwent-dalen blei tapt, og Middlesbrough og Sheffield blei det leiande senteret for den britiske stålindustrien.
Jernbanestasjonen i Consett opna i 1896. Han var open for passasjerar fram til 1955, og godstog med mineral heldt fram med å gå gjennom byen til stålverket fram til 1980. I november 2020 godkjente det britiske transportdepartementet finansiering for eit fyrste innleiande studium kring moglegheita for å gjenoppretta ei jernbanelinje til byen.[3][4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «50 things you never knew about Derwent Reservoir which opened 50 years ago today - Chronicle Live». Chroniclelive.co.uk. Arkivert frå originalen 9. oktober 2018.
- ↑ Routledge Library Editions: The English Language (på engelsk). Routledge. 28. juli 2021. ISBN 978-1-317-41546-6.
- ↑ National Infrastructure Strategy National Infrastructure Strategy s. 41.
- ↑ «Restoring your railway: successful bids - GOV.UK». GOV.UK. Department for Transport. Henta 23. desember 2020.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Consett» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2025.
- Denne artikkelen bygger på «Consett» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juli 2011.
