Hopp til innhald

Control+Alt+Delete

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tastatur med Control, Alt og Delete avmerkte.

Control+Alt+Delete (ofte korta ned til Ctrl+Alt+Del) er ein tastekombinasjon som kan brukast til å starta ein datamaskin på nytt. Ved å trykka «Delete» medan ein held nede «Control» og «Alt» kan ein, avhengig av operativsystem, gje maskinen beskjed om å starta på nytt eller avslutta utvalde prosessar.

Tastekombinasjonen vart innført av David Bradley, som var med på å utforma den opphavlege IBM-pcen. Gruppa som utvikla datamaskinen brukte først Control+Alt+Escape som kombinasjonen som skulle gje ein soft reboot av systemet, men fann etter kvart ut at Control+Alt+Delete var ein betre eigna kombinasjon, ettersom ein måtte bruka to hender for å nå over alle tastane, og slik ikkje ville kunna slumpa borti dei og starta maskinen på nytt utan å meina det.

Kombinasjonen blei vidareført til Microsoft sine Windows-operativsystem, og gjort kjend gjennom oppfordringa til Windows NT om å «trykka Ctrl + Alt + Delete» for å logga seg på.

På nyare Windows-operativsystem startar ein oppgåveljaren, eller Windows Security, som gjev ein valet om å avslutta eitt eller fleire program, med Ctrl+Alt+Delete-kombinasjonen.

I kulturen

[endre | endre wikiteksten]

Play me online? Well you know that I'll beat you
If I ever meet you, I'll Control-Alt-Delete you.

«Weird Al» Yankovic
«It's All About the Pentiums»

Etterkvart som bruken av datamaskinar har spreidd seg, er «Control Alt Delete» blitt brukt som slangomgrep om å kvitta seg med eller avslutta noko. Det er også blitt brukt som tittel:

Ctrl+Alt+Del er det eldste norske radioprogrammet om dataspel. Det blir sendt på Studentradion frå Studentersamfundet i Trondhjem.

Ctrl+Alt+Del (CAD) er ein spelrelatert netteikneserie, skriven av Tim Buckley

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

CAD Comic
Ctrl+Alt+Del radioprogram Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.