Corbett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein corbett er ein topp i Skottland med ei høgd på mellom 2500 og 3000 fot over havet, tilsvarande frå 762 til 914,4 meter over havet, og ein primærfaktor på minst 500 fot (152,4 m).

Namnet kjem frå John Rooke Corbett, som laga lista over toppane i 1920-åra. Han var ein klatrar frå Bristol som var medlem av Scottish Mountaineering Club. Lista vart utgjeven posthumt, etter at systera hans hadde gjeve ho til SMC.

Det er 219 corbett-toppar, mange av dei i område der det ikkje er nokon munro som Moidart, Applecross, Southern Uplands, Isle of Arran, Jura, Rùm og Harris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]