Rùm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rùm
Lokalt namn Rùm
Kinloch på Rum, sett frå sør. Foto: Anne Burgess
Kinloch på Rum, sett frå sør.
Foto: Anne Burgess
Geografi
Rùm is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°59′38″ N 6°20′38″ WKoordinatar: 56°59′38″ N 6°20′38″ W
Øygruppe Indre Hebridane

Areal 104,63 km²

Høgaste punkt Askival (812 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Highland
Største busetnad Kinloch

Demografi
Folketal 22 (2001)
Folketettleik 0,2 /km²

Rùm (eit skotsk-gælisk namn som ofte vert anglisert til Rum, mogleg frå norrønt Romey) er ei øy i Small Isles i Indre Hebridane i Skottland. Gjennom det meste av 1900-talet heitte øya Rhum, ei staving som den tidlegare eigaren Sir George Bullough kom på, fordi han ikkje likte tittelen «godseigar av Rum».

Loch Fiachanis på Rum, sett mot Cuillin

Ho er den største av Small Isles og den femtande største i Skottland, men er berre busett av om lag 30 innbyggjarar. Alle desse bur i landsbyen Kinloch på austsida. Øya har vore busett sidan 7000-talet f.Kr. og er ein av dei tidlegaste busetnadane ein kjenner til i Skottland. Dei tidlege keltiske og norske busetjarane etterlet seg berre få skriftlege kjelder og gjenstandar. Frå 1100- til 1200-talet vart øya underlagt forskjellige klanar, mellom anna MacLean-klanen frå Coll. Folketalet voks til over 400 seint på 1700-talet, men under Highland clearances vart folketalet kraftig redusert mellom 1826 og 1828. Øya vart så ein jaktområde og det eksotiske Kinloch Castle vart bygt av Bullough-familien i 1900. Rùm vart kjøpt av Nature Conservancy Council i 1957.

Bullough-mausoleet ved Harris på Rum, med Rùm Cullin i bakgrunnen.

Rum er av vulkansk opphav og fjella vart erodert ned under isbreane i pleistocen. Han er i dag ein viktig stad for økologiforsking, særleg på rådyr, og ein har med suksess redda havørnbestanden på øya. Økonomien er heilt avhengig av Scottish Natural Heritage, eit offentleg organ som i dag styrer øya. Det går båtsamband frå øya til fastlandsbyen Mallaig.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]