Bristol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bristol

Byen sett frå ein heliumballong
Byen sett frå ein heliumballong
Byen sett frå ein heliumballong
Motto
«Virtute et Industria»
(Dyd og industri)
Plassering
Bristol is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Sameint styresmakt
Seremonielt grevskap Bristol
Bystatus 1155
Borgarmeister Marvin Rees Sjå dette på Wikidata
Geografi
Flatevidd
 - By

110 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

421 300
  3 830 /km²
587 400
1 006 600
Koordinatar 51°27′0″N 2°35′0″WKoordinatar: 51°27′0″N 2°35′0″W
Høgd over havet 11 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer BS
Telefon-retningsnummer 0117
Nettstad: www.bristol.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Bristol

Bristol er ein by i det sørvestlege England, ved elva Avon. Han utgjer òg eit eige seremonielt grevskap, og er ei sameint styresmakt (unitary authority).

Byen strekkjer seg ned til kysten ved Bristolkanalen. Området ved sjøen kallast Avonmouth («Avonoset»). Forstadene er òg underlagt same administrasjon; blant desse finst Kingswood, Filton, Patchway, Mangotsfield og Keynsham. Bristol er den åttande største byen i England og den ellevte største i Storbritannia (etter folketal). Fram til omkring 1780 var han den nest største byen i England etter London.

Avon markerte tradisjonelt grensa mellom Gloucestershire og Somerset. I 1383 erklærte kong Edward III at «heile byen Bristol skal vere eit grevskap i seg sjølv, og kallast grevskapet Bristol for evig tid». På kart vart han likevel gjerne vist som ein del av Gloucestershire, og etterkvart som byen spreidde seg på sørsida av elva vart grensa flytta. I 1974 vart han eit distrikt i grevskapet Avon, men 1. april 1996 vart dette grevskapet avskaffa og Bristol vart dermed igjen eit eige grevskap og ei sjølvstyrt eining.

To profesjonelle fotballklubbar kjem frå byen, Bristol City FC og Bristol Rover sin FC. Det er ei sterk rivalisering mellom dei to klubbane.

Bristol Cathedral
Millennium Square i Bristol City på nattestid

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bristol
Reiseguide for Bristol frå Wikivoyage