Hopp til innhald

Cornellà de Llobregat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cornellà de Llobregat
by
Våpenskjold
Land  Spania
Region Catalonia
Provins Barcelona
Høgd 27 m
Areal 6,99 km²
Folketal 91 589 (2024)
Kart
Cornellà de Llobregat
41°21′18″N 2°04′16″E / 41.355°N 2.0711111111111°E / 41.355; 2.0711111111111
Wikimedia Commons: Cornellà de Llobregat

Cornellà de Llobregat er ein kommune i Baix Llobregat i Catalonia i Spania. Han ligg på venstresida av elva Llobregat og har kring 95 000 innbyggjarar.

Historia til Cornellà de Llobregat er prega av tre faktorar: nærleiken til Barcelona, vegen til og frå hovudstaden i Catalonia og elva Llobregat. Namnet er av romersk opphav (Cornelianus) og arkitekturen i byen syner spor av vestgotarane.

Dei første skriftlege kjeldene som omtalar byen er frå 980, då det stod ei kyrkje og eit forsvarstårn her. Byen vart ein del av området rundt Bareclona på 1200-talet, og ei kort stund høyrte han til Franqueses del Llobregat.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Cornellà de Llobregat