Hopp til innhald

Corto Maltese

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Corto Maltese

Corto Maltese er ein teikneseriefigur skapt av den italienske kunstnaren Hugo Pratt.

Han vart fødd i VallettaMalta 10. juli 1887. Faren var ein sjømann frå Cornwall, mora ein trollkunnig sigøynar frå Gibraltar.

Corto Maltese vart sjølv sjømann, og opplever eventyr i mange verdsdelar i tida om lag 1900 til 1925.

Han er ein fri person, utan band til nasjonar, religionar eller ideologiar, men med godhug for den fattige og undertrykte.