Gibraltar

Koordinatar: 36°07′N 5°21′W / 36.117°N 5.350°W / 36.117; -5.350
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

36°07′N 5°21′W / 36.117°N 5.350°W / 36.117; -5.350

Gibraltar
Flagg Rikssegl
Kart
Status Britisk kronkoloni
Guvernør og øvstkommanderande
Sjefsminister
David Steel

Fabian Picardo
Hovudstad Gibraltar
Offisielt språk Engelsk
Areal

- % vatn

6,8 km²

0

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 32 688 (2022)
ca. 5 000/km²

Verdsdel Europa
Internet-domene .gi
Tidssone UTC +2
Internasjonal telefonkode +350 (utanom i Spania)
Nasjonalsong Gibraltar Anthem
God Save the King
Austsida av Gibraltar.

Gibraltar er eit britisk oversjøisk territorium som ligg sørvest i Europa. Territoriet har ei 1,2 km lang grense mot Spania og ei 12 km lang kystlinje. Høgaste punkt er 426 m, på kalksteinsfjellet som utgjer mestedelen av Gibraltar. Gibraltar ligg på ein strategisk stad. Gibraltarsundet er eit smalt havstykke over til Afrika. Sundet bind saman Atlanterhavet med Middelhavet.

Namnet Gibraltar kjem frå arabisk جبل الطارق Ġabal al-Ṭāriq, som tyder «Ṭāriq-fjellet» (oppkalla etter feltherren Ṭāriq ibn Ziyād). Tidlegare kalla fønikarane det Calpe, ei av søylene til Herakles. I dag er Gibraltar òg kjent som «Gib» eller «the Rock».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gibraltar vart overført til Storbritannia frå Spania i 1713 gjennom Freden i Utrecht. Formelt vart Gibraltar erklært britisk kronkoloni i 1830.[1]

Der er halde to folkerøystingar, i 1967 og 2002, der gibraltararane hadde høve til å røysta om kva land Gibraltar skulle høyra til. Trass i stort spansk press røysta eit stort tal av folket på Gibraltar for framleis å vera under den britiske krona.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

I juli 2022 hadde Gibraltar om lag 32 700 innbyggjarar frå fleire etniske grupper: Spanjolar, italienarar, engelskmenn, maltesarar, portugisarar, sefardiske jødar og andre. Dei fleste som bur på Gibraltar høyrer til den romersk-katolske kyrkja.

Styre[endre | endre wikiteksten]

Gibraltar høyrer til Storbritannia, som formelt vert representert av ein guvernør utpeika av den britiske krona.

Den praktiske lovgjevinga vert fastsett av eit lokalt råd. Rådet har 18 folkevalde medlemmer.

Grensa inn til Gibraltar, frå spansk side.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gibraltar» (på engelsk). CIA – The World Factbook. Henta 17. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gibraltar
  • Offisiell nettstad Edit this at Wikidata
  • Aaris, Malene; Nicolaisen, Anne; Petersen, Hans Christian; Jensen, Lis; Ventegodt, Ole; Ørsted, Peter: Gibraltar i Den Store Danske på lex.dk.