Costco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Costco


Org.formAksjeselskap
BransjeDetaljhandel
Skipa1983
HovudkontorIssaquah i Washington
LandUSA
Produktcash and carry
Grunnleggjar(ar)James Sinegal, Jeffrey Brotman
Adm.dir.W. Craig Jelinek (1. januar 2012)[1][2]
Salsinntekter6 708 000 000 USA-dollar (2021)[3]
Omsetnad6 708 000 000 USA-dollar (2021)[3]
Resultat5 844 000 000 USA-dollar (2022)[3]
Nettstadhttps://www.costco.com/ (engelsk)

Costco Wholesale Corporation (ofte berre Costco) er eit amerikansk multinasjonalt selskap som driv ei kjede av store butikkar med medlemskap (varehusklubb).[4] I 2023 var Costco den tredje største detaljhandelforhandlaren i verda,[5] og i 2016 var selskapet den største forhandlaren i verda av storfekjøtt, økologisk mat, grillkylling og vin.[6] Costco er rangert som nummer 11 på Fortune 500-rankinga over dei største amerikanske selskapa etter total omsetning.[7]

Costco sitt verdsomspennande hovudkontor ligg i Issaquah, Washington, ein forstad aust for Seattle, sjølv om varemerket Kirkland Signature ber namnet på det tidlegare hovudkontoret til selskapet i Kirkland. Selskapet opna sitt første varehus (warehouse: nemninga til kjeda på utsalsstadene) i Seattle i 1983.[8][9] Likevel, gjennom fusjonar går historia til Costco tilbake til 1976, då den tidlegare konkurrenten Price Club vart grunnlagd i San Diego i California.[10][11][12] Per september 2023 har Costco 861 varehus over heile verda:[13] 591 i USA, 107 i Canada, 40 i Mexico, 33 i Japan, 29 i Storbritannia, 18 i Sør-Korea, 15 i Australia, 14 i Taiwan, fem i Kina, fire i Spania og to i Frankrike, i tillegg til eitt på Island, eitt i New Zealand og eitt i Sverige.[13][14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.sec.gov/Archives/edgar/data/909832/000119312511239197/d8k.htm.
  2. https://www.sec.gov/Archives/edgar/data/909832/000090983223000047/cost-20231018.htm.
  3. 3,0 3,1 3,2 https://www.sec.gov/Archives/edgar/data/0000909832/000090983222000021/cost-20220828.htm; utgjevingstidspunkt: 5. oktober 2022.
  4. «Costco Wholesale Corporation Company Profile». Hoover's. Arkivert frå originalen 17. april 2019. Henta 17. april 2019. 
  5. «Leading retailers worldwide in 2021, by retail revenue». Statista. Arkivert frå originalen 10. oktober 2023. Henta 10. oktober 2023. 
  6. Gabler, Neal (15. desember 2016). «The Magic in the Warehouse». Fortune: 184–189. Arkivert frå originalen 5. februar 2017. Henta 5. februar 2017. 
  7. «Costco Wholesale». Fortune. Arkivert frå originalen 7. januar 2023. Henta 7. januar 2023. 
  8. Bartel, Frank (18. desember 1983). «Costco: The new 'wholesale' club». Spokesman-Review (Spokane, Washington). s. B1. Arkivert frå originalen 7. april 2022. Henta 18. desember 2020. 
  9. «Death of Costco co-founder Jeff Brotman, 74, 'a complete shock'». The Seattle Times. 1. august 2017. Arkivert frå originalen 15. august 2018. Henta 29. november 2017. 
  10. and the Canadian head office is situated in Ottawa, Ontario.«Costco Wholesale shareholder info». Costco Wholesale. Arkivert frå originalen 22. mars 2015. Henta 11. mai 2007. 
  11. «About Costco». Costco Wholesale. Arkivert frå originalen 31. desember 2021. Henta 25. april 2021. 
  12. «Costco Wholesale Historical Highlights» (PDF). Costco Wholesale. 12. februar 2009. Arkivert frå originalen (PDF) 21. januar 2012. Henta 27. november 2009. 
  13. 13,0 13,1 «Corporate Profile». Costco Wholesale. Arkivert frå originalen 28. mai 2023. Henta 12. juni 2023. 
  14. «Costco Wholesale Corporation 2023 Annual Report (Form 10-K)». U.S. Securities and Exchange Commission. 11. oktober 2023. Henta 12. oktober 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Costco