Hopp til innhald

Couesnon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Couesnon
elv
Couesnon nær Pontorson, fører direkte mot Mont Saint-Michel, som ein kan sjå i bakgrunnen.
Land  Frankrike
Nedslagsfelt 1 169 km²
Lengd 90 km
Middelvassføring 7,1 /s
Kart
Couesnon
48°37′03″N 1°30′44″W / 48.6175°N 1.5122°W / 48.6175; -1.5122
Wikimedia Commons: Couesnon

Couesnon er ei elv i departementet Mayenne nordvest i Frankrike, som munnar ut like ved Mont Saint-Michel. Den nedste delen av elva dannar den historiske grensa mellom hertugdøma Normandie og Bretagne. Elva har gjennom tidene skifta mellom to elveleie nord og sør for Mont Saint-Michel, men har no til slutt lagt seg til det sørlege elveleiet, noko som har ført til uttrykket «Couesnon sin galskap plasserte Mont Saint-Michel i Normandie» («le couesnon en sa folie mit le Mont en Normandie»). Den administrative grensa i dag følgjer derimot ikkje elva og ligg seks kilometer lenger vest.

Dei gjørmete kantane til Couesnon er nesten som kvikksand om ein er uforsiktig.

Couesnon, Sée og Sélune dannar eit komplistert vassystem i bukta til Mont Saint-Michel. Tidvatnet fører store mengder sediment med seg, som dannar store sanddyner i elva, som elvane igjen fører med seg tilbake til sjøen.

Munningen til Couesnon ved Mont Saint-Michel.

På 1900-talet vart Couesnon omgjort til ein kanal for å redusere erosjon av elvebreidda. I 1969 vart det bygd ei demning. Desse endringane av elva og vegen over til Mont Saint-Michel har ført til at det har bygd seg opp mykje gjørme ved munningen. Derfor har dei franske styresmaktene lagt fram planar om å byte ut vegen til øya med ei bru, og endre demninga slik at sedimenta igjen kan førast ut i sjøen.

Under springflo kan ein sjå ei tidvassbølgje oppover i elva.

Couesnon renn gjennom følgjande departement og byar:

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]