Craigavon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Craigavon er ein by i Armagh i Nord-Irland, nær Lough Neagh. Han vart oppretta som ein new town i 1965 for å avlaste Belfast, og fekk namn etter James Craig, 1. vicomte Craigavon, som var den første premierministeren i Nord-Irland. Portadown og Lurgan vart innlema i byen, som fekk eit regelmessig gatenett.

Byen er administrasjonssenter for distriktet Craigavon, og nesten tre fjerdedelar av distriktet sitt rundt 80 000 innbyggjarar bur der. Det er òg i Craigavon Europaveg 18 startar, som har endepunktet sitt i Sankt Petersburg i Russland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]