Creadan Head

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Creadan Head
Creadan Head
LandFlag of Ireland.svg Irland
GrevskapCounty Waterford
Plassering

Creadan Head
52°10′31″ N 6°56′38″ W

Ceann Chréadáin (irsk) eller Creadan Head[1] (engelsk, også skrive Craden Head) er eit nes på vestsida av Waterford Harbour, om lag 5 km opp elva frå Dunmore East i Republikken Irland. Historisk var neset ein del av «hovudvegen» frå Cork til London. Ei ferje frå neset til Templarstown på austsida av bukta vart operert av Tempelriddarane. Førti handhogde trappetrinn ned til sjøen er framleis synleg ved klippene på neset. Craden Head vart òg nytta som landgangsbrygge for visse varer som vart frakta opp elva til Waterford, New Ross, Granny og andre småhamner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ceann Chréadáin/Creadan Head», Logainm.ie (på engelsk), henta 2. juli 2020 
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.