Cork

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cork
Patrick's Bridge i Cork
Patrick's Bridge i Cork
Byvåpenet til Cork
Byvåpenet til Cork
Motto
«Statio Bene Fida Carinis»
(Ei trygg hamn for skip)
Plassering
Cork is located in
Styresmakter
Land
Provins
Grevskap
Irland Irland
Munster
County Cork
Grunnlagd
Byrettar
500-talet
1185
Geografi
Flatevidd
 - By

37,3 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

190 384
  5 104/km²
119 143
380 000
Koordinatar 51°53′49″N 8°28′40″WKoordinatar: 51°53′49″N 8°28′40″W
Diverse annan informasjon
Heimeside: www.corkcity.ie


Cork (irsk Corcaigh) er den nest største byen i Republikken Irland og den tredje største på Irland etter Dublin og Belfast. Han er det administrative senteret i County Cork og den største byen i provinsen Munster.

Byen har om lag 120 000 innbyggjarar og med forstadane om lag 190 000.[1] Storbyområdet til Cork har om lag 274 000 innbyggjarar, medan Greater Cork-området har om lag 380 000.[2]

Namnet på byen kjem av det irske ordet corcach som tyder «myrlendt stad» og refererer til plasseringa ved elva Lee. Cork har hatt rykte på seg for å vere ein by av opprørarar heilt tilbake til då dei støtta tronpretendenten Perkin Warbeck i 1491 etter Rosekrigane. County Cork har derfor kallenamnet «the Rebel County» («Opprørsgrevskapet») og corkoniarane refererer stundom til Cork som den «verkelege hovudstaden i Irland».

Elva Lee renn gjennom byen og dei sentrale delane av byen er bygd på ei øy i elva like før ho renn ut i Lough Mahon og så ut i Cork Harbour, ei av dei største naturlege hamnene i verda. Byen er ein stor irsk hamneby med kaianlegg langs Lee og på austsida av byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Elva Lee renn gjennom byen i to kanalr og dannar ei sentral øy

Cork var opphavleg ein klosterbusetnad grunnlagd av St. Finbarr på 500-talet. Han fekk byrettar av Kong Johan i 1185. Tittelen Borgarmeister av Cork (Mayor) vart oppretta som eit kongeleg privilegium i 1318 og tittelen vart endra til Lord Mayor i 1900.

Igjennom hundreåra har mykje av byen vorte øydelagd og bygd opp att etter åtak frå vikingar eller nordbuarar. Ein meiner at Cork, som Dublin, var eit viktig handelssenter i det globale skandinaviske handelsnettverket. Ein gong var det bymurar rundt heile byen og fleire delar av bymuren står framleis i dag.

Under den irske sjølvstendekrigen brann sentrum av Cork ned etter brannar påsett av Black and Tans, og byen var åstad for harde kampar mellom irske geriljastyrkar og britiske styrkar. Under den irske borgarkrigen var Cork ei stund halde av anti-avtale-styrkar før han vart gjenerobra av den irske hæren etter eit åtak frå sjøen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cork

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Census 2006, Government of Ireland
  2. Folketal i Cork

Kjelde[endre | endre wikiteksten]