Tempelriddarordenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tempelriddarane)
Den raude krossen var symbol for tempelriddarordenen.

Tempelriddarordenen var ein kristen munkeorden med militære funksjonar som blei oppretta under krosstoga, danna i 1119 for å verna pilegrimar i Det heilage landet. Grunnleggjarane var ni franske riddarar leia av Hugyens De Paynes og Geoffrey St Omar.

Tempelriddaren Godefrey av Bouillon.

Tempelriddarordenen var ein av dei tre store riddarordenane under krosstogstida, dei andre to var johannitterordenen og den tyske riddarordenen. Trass i at det fulle namnet til tempelriddarane var Dei fattige riddarane av Salomons tempel samla dei store rikdommar, noko som skulle føra til enden på ordenen.

Ordenen utvikla ein effektiv administrasjon med eit internasjonalt nettverk av festningar og regelmessige væpna transportar. Han blei difor raskt teken i bruk til å ta vare på og transportera pengar og andre verdisaker. I tillegg lånte han ut pengar til kongar og andre mektige folk.

Enden på ordenen[endre | endre wikiteksten]

Brenning av tempelriddarar.

muslimane under Saladin tok tilbake Jerusalem i 1290, fortsette tempelriddarane å verka i Europa. Mange kongar hadde stor gjeld til ordenen, mellom anna den franske kongen Filip IV. Den 13. oktober 1306 arresterte han heile leiinga for ordenen og skulda dei for brotsverk mot den sanne religionen. Mange tempelriddarar blei drepne og eigedomane til ordenen blei tekne i beslag. Hundrevis av franske tempelriddarar tilstod å ha tilbede djevelen Baphomet, å ha forbanna Jesus og liknande kjetteri. 600 av dei erklærte seinare at tilståingane var falske, og berre gjort på grunn av tortur hjå inkvisisjonen. Før stormeisteren Jacques de Molay og tre andre tempelriddarar blei brende til døde i Paris i mars 1314, erklærte han:

Eg har sanneleg tilstått at ordenen er skuldig, men dette har eg gjort berre for å redda meg sjølv frå grueleg tortur, ved å seie det fiendane mine ønska eg skulle seie.

Forfølginga av tempelriddarane var hardast i Frankrike. I land som Portugal og Skottland fortsette han å verka, men skifta namn.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Tempelriddarordenen har vore omspunnen av myter sidan mellomalderen. Fleire vedvarande soger fortel at han fortsette å eksistera under jorda, og mange moderne okkulte ordenar hevder at dei stammar frå tempelriddarane. Det finst teikn på ein viss samanheng mellom tempelriddarane og dei seinare frimurarane. Meir fantasifulle rykte hevder at tempelriddarane verna om den jødiske paktarken, den heilage gralen, dei vises stein og andre skattar.

I historieleksjonane sine hevdar frimureriet i Noreg å stamma frå tempelriddarane. Det same gjeld fleire andre ordenssamfunn, mellom anna ei rekke fråhaldslosjar, der ein av dei til og med kallar seg Tempel Ridder Ordenen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]