Cristóbal de Morales

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cristóbal de Morales
Cristóbal de Morales by James Caldwall.jpg
Fødd ca. 1500
Sevilla i Spania
Død

September 1553
Marchena i Spania

Sjanger Renessansemusikk, vokalmusikk
Yrke Komponist

Cristóbal de Morales (fødd ca. 1500 i Sevilla, død mellom 4. september og 7. oktober 1553 i Marchena) var ein spansk renessansekomponist, den viktigaste spanske komponisten før Tomás Luis de Victoria.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Etter ei uvanleg tidleg og grundig klassisk utdanning der han studerte musikk med nokre av dei fremste komponistane på denne tida, fekk Morales i året 1528 stillingar i Avila og Plasencia. Innan 1535 var han vorte tilsett som songar (baryton) i Det sixtinske kapellet i Roma. Her arbeidde han i ti år under pontifikatet til pave Paul III. Medan han var der vart han adla av paven.

Etter ein periode utan å finne anna arbeid i Italia (hos keisaren og Cosimo de' Medici) vende Morales attende til Spania der han hadde ei rekkje arbeidsforhold, mange prega av finansielle og politiske problem.

Det finst belegg for å seie at han må ha vore ein vanskeleg person, særs klar over sitt eige talent og ute av stand til å kome overeins med personar med mindre musikalske evner. Han kravde enormt mykje av songarane sine, kom på kant med arbeidsgjevarar og framstod truleg som arrogant. Trass i dette vart han sett på som ein av dei beste komponistane i Europa rundt midten av 1500-talet.[1]

4. september 1553 søkte han stilling som maestro dei capilla i Toledo der han tidlegare hadde arbeidd, men døydde før 7. oktober same året.[1]

Musikk og påverknad[endre | endre wikiteksten]

Morales skreiv nesten berre kyrkjemusikk. Alt var vokalmusikk sjølv om framføringane kan ha vorte akkompagnert av instrument. Han skreiv mange messer, nokre særs vanskelege som truleg er skriven for pavekoret.

Morales var den første spanske komponisten som oppnådde internasjonal ry. Mange av komposisjonane til Morales vart trykt, noko som var uvanleg på hans tid. Mange kopiar vart spreidd ut over Europa, nokre fann òg vegen til den nye verda. Mange musikkskribentar og teoretikarar i hundreåra etter at han døydde rekna musikken til Morales for å vere den mest perfekte som nokon gong var vorte skriven. Ryet hans varte til langt inn på 1700-talet, då Andrea Adami da Bolsena, som skreiv biografiar over mange pavelege musikarar, hylla han som ein av dei viktigaste komponistane i Vatikanet mellom Josquin og Palestrina.

Parce mihi Domine frå Morales' Officium Defunctorum vart brukt i tre versjonar (mellom anna som opnings- og avslutningsspor) på det bestseljande albumet Officium av Jan Garbarek og Hilliard Ensemble (1994).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Stevenson/Planchart, Grove

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]