Cristina Neagu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cristina Neagu


Statsborgarskap Romania
Fødd 26. august 1988 (35 år)
București
Idrett handball
Tok del i

Håndball under Sommer-OL 2008

Utmerkingar

Årets handballspelar frå IHF, Årets handballspelar frå IHF, Årets handballspelar frå IHF, Årets handballspelar frå IHF

Cristina Georgiana Neagu (fødd 26. august 1988) er ein rumensk handballspelar frå București. Ho er fire gongar: 2010, 2015, 2016, 2018, kåra til årets handballspelar i verda. Neagu er rykkromspelar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Neagu var frå 2009 aktiv i Râmnicu Vâlcea, ein klubb som 2010 vart nasjonal seriemeister. Same året nådde laget finalen i EHF-meisterligaen, der det vart tap mot danske Viborg HK. Tidleg i 2011 vart ho skadd, og kom fyrst på bana att i oktober 2012. Berre tre månader seinare, i januar 2013, skadde ho korsbandet. Ho forlet i 2013 det konkurstruga Râmnicu Vâlcea. Perioden 2013-17 spelte ho for den montenegrinske toppklubben ŽRK Budućnost. Ho var ein sentral spelar då Budućnost i 2015 sigra i EHF-meisterligaen. Sidan 2017 har ho spelt for CSM București.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Med det rumenske landslaget har Neagu vunne bronsemedalje ved Handball-EM 2010 og ved Handball-VM 2015. I begge desse meisterskapa var ho toppskårar i turneringa.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av EHF-meisterligaen: 2015 for ŽRK Budućnost
  • Tapande finalist i EHF-meisterligaen: 2010 Râmnicu Vâlcea
  • Tapande finalist i EHF-cupvinnarcupen: 2008 Rulmentul Brasov
  • Rumensk seriemeister: 2010, 2011, 2012, 2013 for Râmnicu Vâlcea – 2018, 2021 for CSM București
  • Rumensk cupvinnar: 2011 for Râmnicu Vâlcea – 2018, 2019, 2022 for CSM București
  • Montenegrinsk seriemeister: 2014, 2015, 2016, 2017 for ŽRK Budućnost
  • Montenegrinsk cupvinnar: 2014, 2015, 2016, 2017 for ŽRK Budućnost
  • VM 2009: Nr 4
  • EM 2008: Nr 5
  • EM 2010: Bronsemedalje etter 25–20 mot Sverige
  • VM 2015: Bronsemedalje etter 31–23 mot Nederland
  • EM 2016: Nr 5
  • EM 2018: Nr 4

Kjelder[endre | endre wikiteksten]