Crossmaglen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Crossmaglen
Crois Mhic Lionnáin
by
Land  Nord-Irland
Distrikt Newry and Mourne
Folketal 1 459  (2001)
Kart
Crossmaglen
54°4′38″ N 6°36′32″ W
Wikimedia Commons: Crossmaglen

Crossmaglen er ein by i grevskapet Armagh i Nord-Irland. Han ligg nær grensa til Irland. Byen har vore dominert av nasjonalistar, og har katolsk majoritet. Dette har ført til mange samanstøytar med tryggingsstyrkane, og både den britiske hæren og Royal Ulster Constabulary har store forskansa bygningar i Crossmaglen. Innan tryggingsstyrkane er byen kjent som XMG, og er rekna som eit av dei verste stadane for britiske soldatar å bli utplassert.

Sidan byrjinga av The Troubles i 1969 har minst 58 polititenestemenn og 124 soldatar vorte drepne av republikanske paramilitære i det sørlege Armagh, med Crossmaglen som ein av dei hardast ramma stadane. Tidleg i 1990-åra drap snikskyttarar frå Den provisoriske irske republikanske armeen tolv medlemmar av tryggingsstyrkane i byen. Bombar som vart brukt ved London Docklands, Bishopsgate og i Manchester i same tidsrom vart konstruert i Crossmaglen.

I seinare år har ein som ein del av normaliseringa av arbeidet til tryggingsstyrkane ikkje tillate at soldatane ber hjelmar, skotsikre vestar og andletskamuflasje under rutinepatruljar inne i byen. Dei har heller ikkje lov til å sikta på personar så lenge dei ikkje sjølv har våpen retta mot seg. Den viktigaste rolla til soldatane er å eskortera politiet under patruljar. I perioden der desse reglene har vore i kraft har det vore betydeleg færre angrep på soldatar i Crossmaglen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]