Cundaøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cunda sett frå sjøen.

Cundaøya, òg kalla Alibeyøya, (tyrkisk Cunda Adası, Alibey Adası) er den største av ei øygruppe, tidlegare kalla Hekatonisa eller Moshonisia på gresk. Ho er ei lita øy nordvest i Egearhavet utanfor kysten av Ayvalık, og ein del av provinsen Balıkesir i Tyrkia, med eit areal på 23 km². Ho ligg 16 km aust for Lesbos i Hellas.

Cunda er knytt til Ayvalık på fastlandet via ei vegfylling. Øya har ein typisk ferieby med buss- og båtsamband til Ayvalık.

Etter Lausanna-traktaten i 1923 reiste den greske folkesetnaden på øya til Hellas og vart erstatta av muslimar frå Kreta og Lesbos. Det største landemerket på Cunda er kyrkja Taksiarchis, den tidlegare gresk-ortodokse kyrkja på øya.

Øydelagde trapper inne i kyrkja på Cunda.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 39°21′38″N 26°38′34″E