Lésvos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lésvos
Lokalt namn: Λέσβος
Satellittbilete av Lésvos
Satellittbilete av Lésvos
Geografi
2011 Dimos Lesvou.png
Stad Egearhavet
Koordinatar 39°10′N 26°20′EKoordinatar: 39°10′N 26°20′E
Øygruppe Dei nordegeiske øyane
Areal 1 632,8 km²
Høgaste punkt Lepétymnos, Ólymbos (967 moh.)
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei nordlege egeiske øyane
Lésvos
Største busetnad Mytilíni (27 871 innb.)
Demografi
Folketal 86 436
Folketettleik 52,9 /km²

Lésvos (gresk Λέσβος), òg kalla Lesbos, er den tredje største øya i Hellas og høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Øya er òg den åttande største i Middelhavet med eit areal på 1 630 km² og 320 km kystlinje.

Tidlegare hadde Lésvos 13 kommunar og var i lag med øyane Límnos og Ájos Evstrátios administrert som ein del av Lésvos prefektur. Frå 2011 er heile Lésvos ein kommune, den einaste kommunen i periferieininga Lésvos i periferien Dei nordlege egeiske øyane.

Lésvos har bortimot 90 000 innbyggjarar og ein tredjedel bur i hovudbyen Mytilíni, som ligg søraust på øya. Resten av folkesetnaden er spreidd i mindre byar og landsbyar. Dei største av desse er Kalloní, Jéra, Plomári, Ajásos, Eresós og Míthymna (Mólyvos). Mytilíni vart grunnlagd på 1000-talet fvt. av familien Penthilidae, som kom frå Thessalía og styrte fram til revolusjonen i (590580 fvt.) leia av Pittakos av Mytilíni.

Ordet «lesbisk» kjem frå dikta til Sapfo, med sterke kjenslege innhald mot kvinner, og som ofte vert tolka som homoseksuell kjærleik. På grunn av dette vert Lésvos, og særleg byen Eresós, fødestaden til Sapfo, ofte vitja av lesbiske turistar. [1]

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei tretten tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya er fjellkledd og har to store toppar, Lepýtymnos og Ólymbos, begge med ei høgd på 967 moh. Øya har vulkansk opphav, noko som er årsake til dei mange varmekjeldene.

Øya er frodig og vert stundom kalla Smaragdøya. Elleve millionar oliventre dekker 40 % av øya i tillegg til andre frukttre. Skogar av furu og noko eik opptar 20 % av øya medan resten er består av kratt, grassletter eller urbane strøk. Vest på øya ligg verdas nest største forsteina skog av ekte kjempegran.

Økonomien på øya er hovudsakleg basert på jordbruk. Olivenolje er den største inntektskjelda. Turisme er óg ei viktig næringskjelde og med flyplassen like i sør er Mytilene ein av dei største turistmåla, i tillegg til kystbyane Pétra, Plomári, Míthymna og Eresós. Fiske og produksjon av såpe og ouzo, den greske nasjonallikøren utgjer óg ein del av inntektene.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet på øya er mildt middelhavsklima med ein normal årstemperatur på 18 °C. I løpet av eit år kjem det normal 750 mm nedbør. Øya er den mest solrike øya i Egearhavet, og snø og låge temperaturar oppstår sjeldan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje gresk mytologi var guden Lesbos vernar av øya. Makar skal ha vore den første kongen over øya og mange av døtrene hans skal ha gjeve namn til dei større byane. I følgje myta vart søstera hans Kanake drepen for at han skulle verte konge. Stadnamna har derimot sannsynlegvis opphav i lokale gudinner, som seinare vart erstatta av gudane. Homer kallar øya Macaros edos, sete til Makar. Ein meiner at emigrantar frå fastlands-Hellas, hovudsakleg frå Thessalía, kom til øya seint i bronsealderen og gav ho namnet Lazpas. Dette namnet er bevart i dikta til Sapfo.

Gudinna Kybele i stridsvogna si dradd av løver for å vise veg for sola over himmelen.

Dei store mengdene av grå keramikk som er funne på øya og tilbedinga av Kybele, den store modergudinna av Anatolia, tyder på at øya kan ha vore busett sidan steinalderen. Då persarkongen Kyros slo Kroesos (546 fvt.) vart dei jonisk-greske byane i Anataolia og dei nærliggande øyane ein del av Persia fram til persarane vart slått tilbake av grekarane under slaget ved Salamis i 480 fvt.. I eldre tider vart øya styrt av eit oligarki, men i antikken utvikla styreforma seg til eit delvis demokrati. I ein kort periode var øya medlem av Det atenske sjøforbundet, men fall ut under peloponnesarkrigen. I hellenistisk tid høyrte øya til forskjellige Makedonia|makedonske kongedøme fram til 79 fvt., då ho vart ein del av Romarriket

I mellomalderen var øya ein del av Austromarriket. I 803 var den austromerske keiserinna Irene i eksil på Lésvos og måtte der spinne for å overleve fram til ho døydde. I 1335 vart øya avstått til den genuesiske Gateluzi av økonomiske og politiske årsaker. Lésvos vart erobra av osmanske tyrkarar i 1462 og var under deira styre fram til 1912 då ho vart ein del av det moderne Hellas. Byane Mytilíni og Míthymna har vore bispesete sidan 400-talet.

Kalloníbukta

Etter den andre verdskrigen og den greske borgarkrigen vart dei fleste hus og bygningar bygd opp att. Økonomien betra seg, men ein del innbyggjarar flytta til Nord-Amerika og andre stader i Europa.

Fjellet Ólymbos på Lésvos.

Kjende personar[endre | endre wikiteksten]

Lésvos er fødestad for fleire kjende personar. I eldre tider utvikla Arion ein spesiell type dikt kalla dityrambe. Stamfaren til tragediar, Terpander, fann opp musikkskalaen med sju notar for lyren. I tillegg har ein diktaren Alkaeos, og den mest kjende dikterinna Sapfo. Fanias skreiv historie.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Carolyn Bain, Michael Clark og Des Hannigan - Greece - Lonely Planet 2004

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Den forsteina skogen[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Dei nordlege egeiske øyane

Ikaría • Foúrni • Thýmena • Sámos • Khíos • Psará • Andípsara • Inoússes • Lésvos • Límnos • Ájos Evstrátios