Cupfinalen i fotball 2012/Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupfinalen for menn 2012 var den siste og avgjerande kampen i Noregsmeisterskapen i fotball for menn, den 107. cupfinalen i Noreg. Kampen stod mellom Idrottslaget Hødd frå Ulsteinvik og Tromsø Idrettslag. Finalen vart avvikla sundag 25. november 2012 på Ullevaal Stadion i Oslo framfor 24 217 tilskodarar. Etter 120 minutts spel stod det uavgjort 1–1. I den påfylgjande straffeskytinga sigra Hødd med 4 fulltreffarar, Tromsø stod att med 2 mål på 4 skot. Det var IL Hødds fyrste NM-finale.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Kjell Rune Sellin gav Hødd leiinga i det 62. minutt. Fire minutt før ordinær tid var ute, utlikna senegalesaren Saliou Ciss for Tromsø. Ekstraomgangane vart mållause. I straffetevlinga skåra Hødds Latifu, Nilsen og Helland etter tur. Også Tromsø-spelarane Årst og Drage fann nettmauskane, før Hødd-målvakta redda Johansen sitt skot. Så stoppa Tromsø-målvakta Sandal si straffe, deretter skaut Tromsøs Ciss utanfor. Hødds femte eksekutør, innbytaren Andreas Rekdal, feila ikkje og sikra klubbens største triumf til dato.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Hødd sitt historiske mannskap bestod av: Ørjan Nyland, Akeem Latifu, Steffen Moltu, Fredrik Klock (kaptein), Victor Grodås, Fredrik Aursnes, Erik Sandal, Sivert Heltne Nilsen, Pål André Helland, Vegard Heltne, Kjell Rune Sellin. Andreas Rekdal kom inn i det 85. minutt, Espen Standal i det 96. minutt og Bendik Torset i kampens aller siste sekund. Etter tur steig høvesvis Heltne, Sellin og Aursnes av bana.

Tromsø mønstra: Benny Lekström, Hans Norbye, Fredrik Björck, Saliou Ciss, Ruben Kristiansen, Thomas Kind Bendiksen, Kara Mbodj, Ruben Yttergård Jenssen (kaptein), Thomas Drage, Aleksandar Prijovic, Zdenek Ondrášek. I løpet av den andre omgangen vart Ole Martin Årst, Remi Johansen og Magnus Andersen bytta inn.

Kjetil Sælen frå Arna-Bjørnar var hovuddommar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]