Ole Martin Årst
Ole Martin Årst | |
Fødd | 19. juli 1974 (48 år) Bergen |
Yrke | fotballspelar |
Ole Martin Årst (fødd 19. juli 1974) er ein norsk tidlegare fotballspelar som er best kjend for sine tre periodar som Tromsø-spelar. Angrepsspelaren Årst vart norsk meister med laget i 1996. I åra frå 2000 til 2007 spelte han 22 landskampar for Noreg og skåra to mål.
Klubbspel[endre | endre wikiteksten]
Årst spelte for Tromsø 1995-97, 2003-07 og 2012-13. Han vart toppskårar i den norske eliteserien i 2005. Elles var han i si karriere innom dei norsk laga Skarp, Sogndal IL og IK Start, samt svenske Mjällby og dei belgiske klubbane RSC Anderlecht, Gent og Standard Liège.
Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]
Frå vinteren 2000 til vinteren 2007 aksla Årst den norske landslagstrøya 22 gongar, men einast fem gongar i viktige kvalifiseringskampar. Han skåra Noregs mål då det vart tap 1-2 mot Skottland i VM-kvalifiseringskamp på Ullevaal stadion i 2005, og då Noreg tapte med dei same siffera mot Mexico i San Francisco i 2006.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ole Martin Årst» frå Wikipedia på italiensk, den 18. april 2016.