Cupvinnarcupfinalen i fotball 1967

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1967 fann stad på Bystadion i Nürnberg i dåverande Vest-Tyskland den 31. mai 1967, framfor 69 480 tilskodarar. Etter ekstraomgangar sikra vesttyske Bayern München seg meisterpokalen med siger 1-0 over Rangers FC frå Glasgow. Finalen var den 7. i sitt slag og det var andre gongen det skotske tapte ein cupvinnarcupfinale.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane

I ein sjansefattig kamp makta ingen av laga å skåre i ordinær tid. Fyrst då Bayerns midtbanespelar Franz Roth lobba over Rangers-målvakta i det 109. minutt vart det nettsus. Og fleire mål kom ikkje.

Concetto Lo Bello frå Italia dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Bayern München sitt vinnarlag bestod av: Sepp Maier, Hans Nowak, Werner Olk (kaptein), Franz Beckenbauer, Peter Kupferschmidt, Franz Roth, Dieter Koulmann, Rudolf Nafziger, Rainer Ohlhauser, Gerd Müller og Dieter Brenninger.

Rangers FC mønstra fylgjande mannskap: Norrie Martin, Kai Johansen, Ronnie McKinnon, John Greig (kaptein), David Provan, Sandy Jardine, Dave Smith, Willie Henderson, Roger Hynd, Alex Smith og Willie Johnston.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]