John Greig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Greig

Johngreig.jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 11. september 1942
Edinburgh
Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

John Greig (fødd 11. september 1942) er ein tidlegare fotballspelar og-trenar frå Edinburgh som var kaptein for Rangers FC sitt mannskap som vann cupvinnarcupen 1972.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Greig fekk kontrakt med Rangers FC i 1961 og spelte på laget til han la opp i 1978. Etter nokre sesongar som angreps- og midtbanespelar var han frå slutten av 1960-åra ein hardt-taklande forsvarsspelar. Han vart skotsk cup- og ligameister både i 1964 og i 1965. I 1966 vann Greig og Rangers den skotske cupfinalen for tredje gong i rad. Den påfylgjande sesongen tok skottane seg til finalen i cupvinnarcupen, ein kamp der Bayern München vann pokalen etter ei einsleg skåring i 2. ekstraomgang. Den 24. mai 1972 spelte Rangers finale i cupvinnarcupen på ny, ein kamp Greig og lagkameratane vann med 3-2 mot Dynamo Moskva. Sidan vart Greig skotsk cupmeister 1973, ligameister 1975 og dobbeltmeister både i 1976 og 1978.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Greig spelte 44 landskampar i tida 1964-75, den siste hausten 1975 kom fire og eit halvt år etter den nest siste. Han var lagkaptein i 15 kampar, dei fleste i åra 1965-68. Greig skåra tre mål for det skotske landslaget, alle tre i året 1965. Han vart matchvinnar i to VM-kvalifiseringskampar, fyrst i bortekamp mot Finland i mai og så eit halvt år seinare framfor over 100 000 tilskodarar på Hampden Park i Glasgow mot Italia, då han var åleine målskårar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1972 med Rangers FC
  • Skotsk ligameister: 1963, 1964, 1975, 1976, 1978 med Rangers FC
  • Skotsk cupmeister: 1963, 1964, 1966, 1973, 1976, 1978 med Rangers FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]